Debio møter Debio: rådgivar Lene Nilssen
Tekst: Helene Austvoll
Foto: Espen S. Seierstad / Debio
Jeg trenger noen svar, så jeg ringer en svarer, syng DumDum Boys. Om den som svarar er Lene Nilssen, har du kome eit godt stykke på vegen! Lene var ei av dei første tilsette i administrasjonen i Debio, og har gjennom snart 26 år som altmoglegkvinne; kontormedarbeidar; saksbehandlar; seksjonsleiar; og rådgivar for landbruk mange svar. Mail og mapper er no fulle av informasjon om, og utgreiingar knytt til nytt økologiregelverk som trer i kraft i heile EU i 2021.
Kor mange regelverk har du opplevd i di tid i Debio?
Då eg starta hadde Debio reglar for økologisk produksjon som i hovudtrekk var basert på EU-reglane, men som også vart vurdert og fastsett av eit eige utval for Debio-regler. Då vi i 1995 fekk ei meir offentleg rolle med kontroll og godkjenning av økologisk produksjon, var det EU-forordninga som gjaldt. I fjor implementerte Noreg den nyaste EU-forordninga og no får vi altså ei ny i 2021.
Det har skjedd ein del endringar sidan den gongen, og for Lene har nokre av dei største endringane vore samarbeid i landbruket om dokumentasjonsgrunnlag og talet på verksemder. Før fanst det skjema for det meste, men i dag samarbeider landbruket godt for å minimere talet på skjema produsentane må fylle ut. Det er også ganske utruleg kor stor vekst det har vore i talet på godkjende verksemder. I starten kunne eg namn og adresse til dei fleste som ringte. Det var lite miljø den gongen, og det var fint for mange, trur eg, å ha nokon å ringe til og utveksle erfaring med.
…Ikkje minst få svar på store og små detaljar i regelverket. Svar og tolkingar har vi framleis behov for, særskilt i overgangen til 2021. Men først, kva var bakgrunnen for at det no kjem eit nytt regelverk?
Her finst det fleire årsakar, men ein stor del av hensikta frå EU-kommisjonen si side var å fjerne fleire av unntaka frå regelverket. Resultatet no ligg an til at mange unntak likevel blir verande, men nokre av dei som forsvinn vil gi konsekvensar for bønder.
Kva er den tydelegaste konsekvensen for bønder?
Regelverket omfattar mange produksjonar, og -endringane er spreidd utover fleire områder. Eitt område vi vil sjå endring er innan storfehald, kor moglegheita for å halde oksar inne for oppfôring dei tre siste månadane før slakt forsvinn. Andre unntak som vil bli fjerna er moglegheita for tannsliping av smågris, og grensa for binding av mjølkekyr vil auke frå 34 kyr til ei felles grense på 50 kyr. Sistnemnte vil bli ei oppmjuking for Noreg, men ei innstraming for enkelte andre land.
Endringar kan opplevast som inngripande for bønder, særskilt viss dei må endre på driftsopplegg og bygningar. Men er det noko av det som vil vere positivt for bøndene?
Det å endre økologiregelverket handlar om både å gi rom for at økologisk landbruk har best mogleg praksisar, og så handlar det også om kompromiss mellom land og innad i næringa. Eitt positivt element som eg vil trekke fram er at tilsynet vil bli meir risikobasert. Det betyr at dei som har liten produksjon og låg risiko knytt til regelverksbrot, ikkje treng årleg revisjon, men vil få besøk av Debio innanfor 24 månadar. Kven dette vil omfatte er enno ikkje vurdert, og det er norske myndigheiter som i samarbeid med Debio vil vurdere den reelle risikoen i dei ulike produksjonane.
Kan Debio påverke endringar i regelverket?
Debio er ikkje part i forhandlingane, men vi kan kome med innspel gjennom Mattilsynet eller andre medlemsland. Vi har fleire tilfelle kor Noreg har hatt innspel og behov som har vore like i til dømes Sverige, og gjennom dei hatt moglegheit til å spele inn forslag. I forhandlingane er det om å gjere å kome til eit resultat som alle kan einast om. Ein av dei største diskusjonane i arbeidet med nytt regelverk har omhandla veksthusproduksjon. Fleire land har her hatt eigne reglar, men no skal veksthus inn i forordninga. Eit brennande tema der er at det ikkje vil vere tillate å dyrke i avgrensa vekstmedium – altså må dyrkinga skje rett i jorda. Kor lang overgangsperiode det blir her i Noreg for å tilpasse seg endringane, veit vi framleis ikkje.
Kva er den største utfordringa med regelverksendringar?
Kommunikasjon er viktig her. Vi ønskjer at alle som driv med økologisk produksjon skal fange opp endringane som kjem i forkant. Då må Debio vere på banen tidleg og informere, både gjennom spørjeundersøkingar, nyhendebrev og sjølvsagt gjennom samtalar mellom våre kvalitetsrevisorar og dei som driv. Norsk Landbruksrådgiving og andre rådgivingseiningar speler også ei viktig rolle med kompetansen sin på agronomiske og praktiske løysingar.
Sjølv om endringane i det nye regelverket ikkje vil merkast av alle som driv økologisk i like stor grad, vil det verke inn på kvardagen til ein god del bønder. Korleis er det for deg å jobbe med dette temaet?
Når det kjem reglar som vi ikkje har så store moglegheiter til å påverke og vi veit det skapar problem for dei som driv i landbruket, er det frustrerande. Vi ønskjer ikkje at regelverket skal vere ei hindring for å drive økologisk. Samstundes synst eg det er spennande å jobbe med endringar. Det er givande å tolke regelverket, å forstå kva som er intensjonen med dei ulike reglane, og ikkje minst å lytte til landbruket og korleis det har innverknad i kvardagen.
Gode råd om tilpassing til det nye regelverket vil det alltid vere behov for når ting er i endring. Korleis jobbar Debio for å hjelpe bønder?
Vår rolle er å rettleie i regelverket. Det gjer vi gjennom kvalitetsrevisorane sine gardsbesøk, og gjennom samtalar med dei som tek kontakt med oss på kontoret. Vi gir ikkje rettleiing på driftsopplegg og agronomiske løysingar, men hjelp bøndene med å forstå og tolke regelverket, og korleis det skal omsetjast i praksis. Eg synst det er givande å lære om den enkelte si drift – det gir meg vidare ein større palett med erfaringar som eg og vi i Debio kan gjere vurderingar ut i frå.
Regelverk og ansvar
EUs økologiforordninger
Forordningene regulerer virkeområdet, formålet og overordnede prinsipper for økologisk produksjon av landbruksprodukter, akvakulturprodukter og næringsmidler. Videre fastsetter forordningene krav til produksjon, merking, import og kontroll av økologiske produkter. Forordning (EF) nr. 834/2007, forordning (EF) nr. 889/2008 og forordning 1235/ 2008 danner grunnlag for økologiforskriften i Norge.
Økologiforskriften
Økologiforskriften er den korte tittelen på Forskriften for økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter, akvakulturprodukter, næringsmidler og fôr. Forskriften er fastsatt av Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, og den implementerer EUs økologiforordninger i norsk lov. I norsk sammenheng brukes gjerne benevnelsen økologiregelverket.
Mattilsynet
Mattilsynet har det overordnede ansvaret for økologiregelverket; Regelverket knyttet til produksjon, foredling, lagring, import og omsetning av økologiske landbruksprodukter og næringsmidler i Norge.
Regelverksutvalget for økologisk produksjon
Regelverksutvalget for økologisk produksjon legger til rette for godt samarbeid mellom myndigheter, næring og andre berørte parter om regelverksutvikling innen økologisk produksjon. Utvalget gir råd til Mattilsynet om regelverksutvikling på økologiområdet. Gerald Altena fra Debio er leder for utvalget, som består av en bredt sammensatt gruppe medlemmer fra flere organisasjoner og institusjoner.
Debio
Myndigheten til å føre tilsyn og fatte enkeltvedtak i henhold til økologiregelverket har Mattilsynet i hovedsak delegert til Debio. Virksomheter som produserer, bearbeider, distribuerer, importerer eller omsetter økologiske landbruks- eller akvakulturprodukter er ansvarlige for å følge økologiregelverket. Slike virksomheter er også sertifiseringspliktige i Debios kontrollordning.