Berekraftsekspertane
Tekst: Helene Austvoll
Foto: Simon Migaj / Usplash
Eg har ikkje tid til å vere med på dugnadane i andelshagen, seier tanta mi. Vi møtast tilfeldig utanfor matbutikken. Ho har nett vore på møte om ein andelshage som skal starte i nabolaget. Litt interessert må ho jo vere, tenkjer eg, sidan ho gjekk på det møtet. Eg følgjer på med fleire spørsmål og mine tankar om maten vi et, kor råvarene kjem ifrå, dei arbeidande bøndene, og korleis landbruket kan spele på lag med naturen. Til slutt sleng eg på ein kommentar om at vi må klare å tenkje lenger enn sluttsummen på kassalappen. Ho nikkar samtykkande, og mumlar noko om at det hadde jo vore godt med ferske eigendyrka grønsaker til middag, og at ho skal nok kikke etter det grøne Ø-merket neste gong ho skal handle.
Det er mange tanter og andre folk som nok skulle tatt berekraftige val – både til måltida og i livet. Kva fyller vi dagane og borda våre med? Det er det føre alt oss sjølve som avgjer, men det krev litt kunnskap. Vi må vende oss mot ekspertane. Og dei er ikkje få!
Lista over organisasjonane som hjelper oss å ete verda betre er lang. Vi kan lett ramle av lasset før vi har satt frøa i jorda eller funne ut kva matvarer vi skal legge i korga. Debio står sjølvsagt på den lista. Debio jobbar med sertifisering av økologisk produksjon, datterselskapet DebioInfo driv formidling og kommunikasjon om det same, og hald deg fast – vegleiingstenesta Matvalget hjelper dei som vil lage og servere berekraftige måltid. Mange oppgåver under ein og same paraply. Det sluttar ikkje her. Vi skal også her ta på oss oppgåva med å hjelpe deg i å finne ut kven andre som jobbar for at du skal ete verda betre! Følg med no.
Vil du handle rett?
– Det er vanskelig å vere ueinig i at bønder i utviklingsland skal få godt betalt.
Det har nok Line Wesley-Holand rett i. Ho jobbar som leiar for næringsliv og internasjonal utvikling i Fairtrade Norge. På heimesidene til Fairtrade Norge kan vi lese at gjennom krav til råvarebetaling, tryggare arbeidsforhold og beskyttelse av miljøet, bidreg produksjon og handel etter Fairtrade-standardane til eit meir berekraftig jordbruk og eit betre liv for bønder og arbeidarar i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Fairtrade er verdas mest kjende og anerkjente sertifisering og merkeordning for rettferdig handel.
– For meg handlar det om fattigdomsreduksjon, og at småskala bønder i utviklingsland skal få betre betaling for råvarene dei dyrkar og ei anstendig løn, slik at dei får dekka innsatsfaktorar, har ein tryggare jobb og kan sende barna sine på skulen. Vi arbeider for meir rettferdig handel, og eg trur at så lenge handel gjerast på ein berekraftig måte kan det føre til utvikling.
Får bøndene alltid betre betalt med Fairtrade-sertifisering?
– Fairtrade opererer etter ein standard til økonomi, sosiale forhold og miljø. Økonomikrava handlar om at forhandlarane skal betale minimumspris for råvarene. Når marknadsprisen på for eksempel kaffi går opp, får også bøndene den prisen, men går marknadsprisen ned vil dei alltid få minsteprisen. Fairtrade-minimumsprisen fungerer som eit sikkerheitsnett. Er marknadsprisen høg over tid, vil også minsteprisen justerast opp.
Korleis kjem det fleire bønder inn i ordninga?
– Jungeltelegrafen er viktig mange stader. Bønder ser til naboar som er med i Fairtrade-ordninga, og får innblikk i dei positive sidene ved det. Nokre blir med fordi næringslivsaktørar vil samarbeide med Fairtrade-bønder. Omkring 80 prosent av dei sertifiserte driv småskala produksjon, som kakao, kaffi og bomull. Dei resterande er plantasjeproduksjon, som banan og blomar. Småskala bønder organiserer seg i sertifiserte kooperativ, og produsentnettverket lærer opp bøndene i sertifiseringskrava. Gjennom kooperativet kan dei selje avlingane samla, og stå sterkare i forhandlingar.
I tillegg til minsteprisen får dei også ein premiumpris som kooperativa brukar til lokale initiativ; skular, skulemateriell, helseprosjekt, og utbygging av infrastruktur.
Med andre ord, når vi kjøper Fairtrade-merka kaffi, sjokolade eller nøtter, går ikkje pengane berre til produksjonen, men også til å bygge opp lokalsamfunna. Det høyrast ut som at dette er ein veldig god måte å ete verda betre?
– Ja, det stemmer. I tillegg til det økonomiske og sosiale, er det også krav knytt til miljø: mindre bruk av kjemikaliar; oppmoding til å drive økologisk landbruk; krav til vassforbruk og forbod mot GMO; fokus på biologisk mangfald og avskoging, for å nemne noko.
Kva er ditt tips til korleis vi kan ete verda betre?
– Velge produkt du er trygg på at har ei berekraftig verdikjede, der du veit at det er stilt nokre krav og at det ligg eit godt sertifiseringssystem i botn. Det kan vere Fairtrade, Ø-merket eller Svanen til dømes. I tillegg til å tenkje over kva du legg i handlekorga, er det vel så viktig å sørgje for at maten blir brukt. Mitt andre tips er å minimere matsvinnet. Bruke sansane framføre å sjå på datomerkinga.
Fairtrade legg til rette for tettare kontakt mellom råvareproduserande bønder og arbeidarar, kommersielle aktørar som kjøper og selger råvarene, og folk og samfunn som til slutt kjøper det ferdige produktet. Meir av dette må jo gjere verda betre, tenkjer eg. Mens Fairtrade rettar blikket utover i verda har vi ein annan organisasjon her i Noreg som set norsk økologisk landbruk på folk og fe sin agenda.
Vil du stikke fingeren i jorda?
Økologisk Norge er ein ideell medlemsorganisasjon som samlar alle med interesse for økologisk mat, landbruk, miljø og helse. Det er jo ikkje lite. Kven er alle? Og kva gjer dei for å samle dei? Eg ringer Markus Brun Hustad, leiar for prosjektet Dyrk framtida – flere skolehager i Norge. Han står midt i ein grønsaksåker på Tveita, og eg høyrer vatningsanlegget gå i bakgrunnen. I tillegg til å vere organisasjonsrev er han også gartnar på Tveten andelsgård. Men fyrst, Økologisk Norge – kan du seie med dine ord kva som ligg i å samle alle med interesse for økolandbruket?
– Mange av prosjekta våre handlar om å skape møteplassar mellom bønder og forbrukar, i tillegg til å samarbeide med bedrifter som ønskjer å satse på økologisk mat. Vi gir råd til arrangement som vil ha økomat på menyen; samlar heile Noreg kring ei feiring av økologisk mat under den årlege Økouka; formidlar oppskrifter og tips til ein grønare kvardag gjennom medlemsbladet Ren Mat; jobbar for å få fleire økobønder gjennom Landbrukets Økoløft, for å nemne noko.
Ditt prosjekt handlar om å få fleire og meir varig bruk av skulehagar. Kvifor er det så viktig å stikke fingeren i jorda?
– Vi ser stor verdi av at folk kjem tett på landbruket – det gir auka forståing av kva arbeid som ligg bak maten, og kan føre til at vi gjer andre val når vi går i butikken. Dei vala vi tek når vi handlar og lagar mat kan bidra til noko du trur på. I prosjektet skal vi etablere 10 skulehagar i Oslo og Viken, og lage ei skulehagehandbok – slik vi har gjort for andelslandbruk. Vi vil dele dei erfaringane som finst med å drive ein skulehage, alt frå det pedagogiske og til det praktiske, og vise at det går an å få det til.
Andelslandbruk ligg også Markus tett til brystet, naturleg nok sidan han står med jord under neglene og plukkar ugras. Andelslandbruk er eit samarbeid mellom bønder og forbrukarar kor ansvar for avling og økonomi delast.
– Andelslandbruk og skulehagar, vaksne og barn som tek del i matproduksjonen, er etter mi meining med på å ete verda betre. Internasjonal forsking visar at barn som dyrkar grønsaker et meir grønsaker, blir mindre redd for mangfaldet av frukt og grønt, og får betre fysisk helse. Når samfunnet og skulen i auka grad digitaliserast, trur vi det er ekstra viktig å jobbe fram aktivitetar i samfunnet som held på kontakten med natur og miljø.
Forsking bekreftar altså dei positive effektane av å fylle liva våre med meir dyr og jord. Det er vel også mange av oss som har minne frå barndommen – naboen som hadde gulrøter i hagen, drog dei opp, tørka dei på graset og delte gledelig. Eller sprø og søte eple du knaskar i deg på fortauet etter å ha vore på slang, sure ripsbær frå mormor sin hage, og rabarbra med sukker på. Det formar oss. Og har vi ikkje naboar med gulrøter kan vi spørre organisasjonar som Økologisk Norge kva vi kan gjere for å ete verda betre.
Vil du vere med å ete verda betre kan du leite her og finne svar:
DEBIO
Vil du ha ein garanti for at maten du kjøper er økologisk? Debio er garantisten for at varer merka med det grøne Ø-merket er produsert etter økologiregelverket. Debio besøker alle verksemder med Debio-godkjenning kvart år for å kontrollere at reglane vert følgt.
I tillegg til Ø-merket, kan valørmerka i bronse, sølv og gull brukast i serveringsbransjen eller matvarehandel for å vise fram mengde økologisk mat. Medan Debio kontrollerer, jobbar DebioInfo med formidling og rettleiing. Prisutdelinga Matprisen vert arrangert årleg, og gjennom rettleiingstenesta Matvalget tilbyr vi kurs og skreddersydde løysingar for kjøken som ønskjer å servere berekraftige måltid.
Miljømerket Svanen
Lurar du på korleis du kan pakke og servere mat meir miljøvennleg? Svanemerket er det offisielle miljømerket i heile Norden, og sertifiserer både matemballasje, serviettar, stearinglys, kaffifilter og andre eingongsartiklar.
Svanemerket stiller krav til miljø, etikk og helse, for at vi skal kunne ta informerte og gode val i butikken. Dei jobbar med miljømerking innan mange ulike produktgrupper – hushaldning, hudpleie, hus og byggvarer, papirprodukt, vask og reingjering, hotell og servering, med meir.
Andelslandbruk
Vil du lære å dyrke mat og ha tilgong på ferske grønsaker? Andelslandbruk er eit samarbeid mellom bønder og forbrukarar der ansvaret og avlingane delast. Andelslandbruk jobbar for berekraft i alle ledd; både for jorda, planter, dyr, bonden og forbrukar.
På denne sida kan du finne ut som det finst andelslandbruk i nærleiken av deg, og korleis du kan vere med.
Økologisk.no
Har du generelle spørsmål om økologisk mat? Denne heimesida skal gi deg innsikt og kunnskap om økologisk mat og landbruk, slik at du kan ta informerte val og at interessa i samfunnet for økologisk mat aukar.
Økologisk.no drivast i samarbeid med Matmerk, Debio, Økologisk Norge og Agropub.
KORE
Vil du ha meir kunnskap og vite meir om forsking innan berekraftig matproduksjon?
Kore er ein ideell interesseorganisasjon som, i samarbeid med Vitenparken Campus Ås, jobbar for og med formidling av norsk og internasjonal mat- og jordbruksforsking.
Kore driv ei forskingsdatabase, og arrangerer mellom anna foredrag og skriveseminar for forskarar, skribentar og kommunikasjonsarbeidarar.
NIBIO
Er du interessert i forsking og utvikling innan mat og landbruk? Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forskar og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon, miljø, kart, arealbruk, genressurser, skog, foretaks,- nærings- og samfunnsøkonomi. Dei held til i heile landet, frå nord til sør. Dei bidreg til forsking som utviklar det økologiske landbruket, og studerer mellom anna produksjonssystem og miljøeffekter.
Biologisk-dynamisk Forening
Du har kanskje sett Demeter-merket på vin eller andre matvarer? Demeter-merka mat er produsert etter økologisk regelverk med tilleggskrav for det biologisk-dynamiske. Kontroll av Demeter-produsentar var forløparen til det som vart Debio på midten av 80-talet.
Foreningen spreiar kunnskap og interesse for den biologisk-dynamiske jordbruksmetoden, ernæring og naturforvaltning i ein heilskapleg kulturell samanheng.
Vil du bli bonde? Dette er ein vidaregåande skule med elevar frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. Heile skulegarden er økologisk.
Undervisning kan følgjast både som heilårsstudent på plassen, eller samlings- og nettbasert.
Norsk landbruksrådgiving
Er du bonde? Då veit du at Norsk landbruksrådgiving tilbyr rådgiving i økologisk produksjon over heile landet.
Vil du legge om til økologisk? Her kan du få rådgiving før, under og etter omlegging til økologisk produksjon.
Fagskolen innlandet
Vil du drive med landbruk som bonde, rådgivar eller kvalitetsrevisor? Fagskolen Innlandet tilbyr, i samarbeid med Debio eit studie innan økologisk landbruk. Studiet gir mellom anna kunnskap i landbruksøkonomisk driftsleiing, strategiske vurderingar for foretaket.
Agropub
Lurar du på noko som helst med dyrking av økologiske grønsaker er dette puben du bør ta ein tur innom. Agropub er den leiande norske nettstaden for kunnskap om økologisk landbruk og agronomi. Sida eigast og drivast av NORSØK, og alt som ligg her er fundert i både forsking og praktisk erfaring.
NORSØK
Er du interessert i forsking og utvikling innan økologisk landbruk? NORSØK er ei privat og sjølvstendig stifting, og eit nasjonalt senter for tverrfagleg forsking og kunnskapsformidling for å utvikle økologisk landbruk.
Nofima
Skal du utvikle ein bedrift, stor eller liten, som skal produsere økologisk mat, kan Nofima hjelpe. Der kan du gjennom Økologiprogrammet få bistand til produkt- og prosessutvikling, besøksordning, og kompetansebygging og kurs.
Nofima er eit av Europas styrste næringsretta forskingsinstitutt innan akvakultur, fiskeri og matindustri.
Ein skal halde blikket klart og tunga beint for å få meir økologisk kjøt på beina og forhåpentlegvis på bordet. Ekspertane er omkring oss, fulle med kunnskap og erfaring, og organisert i ulike formar og fargar. Mange er klare til å gi svar på spørsmåla dine i både teori og praksis. Veit du kva du er ute etter er eg sikkert på at du finn det. Anten du er som tanta mi og vil dyrke eigen mat; lurar på korleis ungen din kan vere med i ein skulehage og barnehagen kan få ein meir berekraftig meny, eller korleis du enklare skal kunne ta gode val i butikken. Er du i tvil kven du skal spørre kan du alltids gi eit vink til oss i Debio – og vi vil vise deg vegen.