Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Folkefinansiering: Saman om gode føremål

Tekst: Idun Bjerkvik Leinaas og Jannike Østervold/Pengevirke

Folkefinansiering (engelsk: «crowdfunding») er når enkeltpersonar går saman om å støtte eit prosjekt med pengar som gåve, lån eller eigenkapital. Det kan vere enkeltpersonar, verksemder eller organisasjonar som har tatt initiativ til prosjektet eller aksjonen, som vert publisert og delt via sosiale medier.

Det er utfordrande å starte ei ny verksemd. Sjølv om forretningsideen er god, tar det tid frå prosjektet starter opp til inntektene kjem. I denne fasen kan det vere vanskeleg å få banklån på grunn av høg risiko, og sjølv om ein får banklån, er det tungt å dra på ein ryggsekk av gjeld når ein samtidig skal bygge opp noko nytt. Eit tilskot av gåvepengar kan vere det som skal til for at prosjektet skal lykkast. Under ei oversikt over nokre folkefinansieringstilbydarar for gåver her til lands.

CulturaFlokk

Med folkefinansieringsplattformen CulturaFlokk vil Cultura Bank og Cultura Gavefond oppmode sitt nettverk til å gje litt av sitt overskot til prosjekt der pengane vil bety mykje for mottakarane, og skape verdiar i samfunnet.

«Støtta frå CulturaFlokk er til stor hjelp for å finne eit lokale som gjer at vi når enda fleire kundar!» Gründerane bak Reindyrka, Anne-Line Randal og Anja Eilertsen, sat i gong eit folkefinansieringspro­sjekt i mars 2018 for å få butikken opp på gateplan og har motteke over 200 000 kr. ­Reindyrka er ein butikk der det du kjøper gir noko tilbake til dei som driv produksjonen sin på lag med naturen.

Bidra

Bidra.no har eksistert sidan 2014. Her kan du støtte morgondagens gründarar, samfunnsbyggjarar og dei som gjer gode gjerningar i inn- og utland.

Spleis

Spleis er ei norsk folkefinansieringsteneste med mål om å vere den beste og enklaste tenesta for deg som ønskjer å samle inn pengar til eit bestemt føremål. Tenesta er levert av SpareBank 1.

Startskudd

Folkefinansieringstenestea Startskudd er oppretta for å hjelpe foreiningar og lag, oppstart- og vekstbedrifter med behov for kapital. Tenesta er levert av DNB.

Kontakt