Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Gardsforedling, økologisk bedriftsgodkjenning frå Debio

Dei siste åra har profilering av lokalt produsert mat, og gjerne gardsforedla mat, breidd om seg. Mange bønder ønskjer å ta ut meir av overskotet frå maten dei produserer til garden, I staden for å la maten gå gjennom mange ledd i ein produksjon. Slik kan ein skape meir robuste verdikjeder for maten vår. Vi har tatt ein titt på tala for sertifiseringsområdet «økologisk gardsforedling» frå 2015-2023, og kan konstatere ein god vekst, frå 132 verksemder i 2015 til 362 verksemder per oktober 2023!

Omsettingsstatistikken frå Landbruksdirektoratet viser også auka omsetnad av økologiske varer gjennom alternative salskanalar. Det finst ikkje fullverdige salstal for gardsforedla norske økologiske varer, men auken i alternative salskanalar svarer omtrent til nedgangen i omsetnad for økologiske vareliner gjennom daglegvarehandelen. Som økologisk råvareprodusent (korn, grønsaker, frukt, bær, kjøt, meieriprodukt) har bonden tradisjonelt sett levert sine varer til ein varemottakar; mølle, slakteri, meieri og/eller grossist. Konseptet gardsforedling kom opp i Debio for ein del år sidan som eit samleomgrep for vidareforedling, merking og omsetting av eigne og andre sine varer og produkt direkte til kunde. Tradisjonelt sett har bonden hatt ei godkjenning frå Debio for den økologiske landbruksproduksjonen sin, og bedrifter som foredlar økologiske varer har hatt ei bedriftsgodkjenning frå Debio. Økonomisk har dette vore ei kostbar affære for bonden, med gebyr for både landbruk og bedrift. Det vart for nokre år sidan etablert ein «lett-versjon» kalla «gardsforedling», som gir bonden godkjenning for dei foredla varene også, og varer som hen tar i retur/omset direkte til kunde – for eksempel stykningsdelar av kjøt, eplemost, tørka urter og te, smakstilsett honning – for å nemne nokre.

Ein tommelfinger-regel for alle som ønskjer å produsere, marknadsføre og/eller omsette økologisk godkjente varer, er at det som står på sertifikatet frå Debio er det du har godkjent som økologisk. Står ikkje vara på sertifikatet du har frå Debio, har du ikkje anledning til å marknadsføre eller omsette vara som økologisk.

Eit døme: Ein eplebonde har godkjenning for produksjon av økologiske eple. Vedkomande leverer epla til pressing for å lage eplemost hjå ei anna økologisk godkjend verksemd, tek så flaska i retur og set på eigen logo/merking på flaskene. For å kunne gjere dette, må bonden registrere dette produktet hjå Debio, og det må stå på bonden sitt sertifikat at eplemost er ein del av godkjenningsomfanget. I dette tilfellet vil bonden også trenge godkjenning for bearbeiding og produksjon, i tillegg til godkjenning for sine areal med epletre. Dette gir moglegheit for innsikt og kontroll i heile produksjonslina for eplemosten, frå a til å. Og det bør vere viktig for både produsent og kunde, at maten vi et er kontrollert og godkjent i tråd med offentlege regelverk.

Regelverk er nettopp eit sett reglar, og kan i nokre tilfelle virke komplisert. Bonden må i samband med foredling på eigen gard sjå til at hen berre bruker økologisk godkjende bedrifter for si foredling, alternativt ha handa på rattet og produserer alt sjølv. Mattilsynet har eigne reglar for produksjonslokale som ein må imøtekome. Vidare må ein registrere aktiviteten hjå Mattilsynet (ikkje godkjenning, berre registrering av aktivitet), ein må registrere hjå Debio kva produksjonar, aktivitetar og produktkategoriar som vert utførte, og eventuelle skisser av produksjonslokale må også sendast inn. Det aller meste av dette kan også bli organisert i løpet av eit besøk av ein revisor frå Debio. Vi rettleier deg og yter vårt beste for å bidra til at du skal lukkast. Går du med planar om å foredle, merke eller omsette fleire av dine eigne produkt, og lurer du på om gardsforedling kan vere noko for deg? Ta kontakt med oss i Debio, så hjelper vi deg vidare!

Kontakt