25 med øko!
Handnesøya – ei lita øy ved Helgelandskysten. Med frodige jorder og mangfaldig fugleliv. Her bur fleire kyr enn folk. Etter lang tid som høvdingsete for store deler av Helgeland under vikingtida, kva var vel meir naturleg enn å setje seg i førarsetet for utviklinga av det økologiske landbruket i området. På Handnesøya bur to karar med 25 år økologisk gardsdrift i nevane. Det skal dei vere stolte av.
Tekst: Helene Austvoll, DebioInfo
Publisert 07.07.17
I all hemmeligheit starta Åge Herseth og Geir Strandheim med å teste ut økologisk grovfôrproduksjon. Etter fleire år med læring og utvikling kunne dei legge om mjølkeproduksjonane sine til økologisk Debio-godkjent drift. 25 år er verdt å markere!
«På landbruksskulen i den tida vart økologisk sett på som umogleg.» Likevel fortel Åge at det var under agronomutdanninga at interessa for økologisk kom. «Viss det vi lærte på landbruksskulen skulle vere gjeldande hadde eg gått konkurs for lenge sidan.» Ein times radioprogram med Olga Meyer i NRK om økologisk produksjon var noko av det som sette tankane i spinn.
På eige initiativ fekk dei med seg ein lærar frå landbruksskulen og andre interesserte elevar og hadde kveldsundervisning i økologisk landbruk. Gunnlaug Røthe frå Forsøksringen var også til stor hjelp i forsøksfelta. «Vi fekk det til mykje betre enn vi hadde trudd», seier Geir.
Dei har begge blitt møtt av skeptisisme og mistru, men i aukande grad engasjement og vitebegjær frå andre som har hatt dei same tankane. For Geir var det viktig å vise respekt overfor kvarandre, uansett korleis ein dreiv garden sin, særskilt på ein så liten plass. «Det hjalp jo på då folk såg at vi fekk så gode avlingar!» Etter kvart kom det også til fleire økologiske gardar på øya, og øya har vore sentral i Nesna kommune si satsing på økologisk landbruk.
«Det hjalp jo på då folk såg at vi fekk så gode avlingar!»
Nysgjerrigheit var noko av det som dreiv Åge og Geir framover. Dei hadde gode samtalar og engasjerte kvarandre. «Det er viktig å ha nokon å diskutere med, og ikkje gjere det til noko mystisk og rare greier for det er det jo ikkje. Det er ganske fantastisk det som skjer på jordet – kløveren fungerer så fint!» Det er engasjerande å høyre dei fortelje. For dei begge har det sjølvsagt handla om pengar, men også interesse og spenning – det å prøve å få det til.
«Det er viktig å ha nokon å diskutere med, og ikkje gjere det til noko mystisk og rare greier for det er det jo ikkje.»
Kvifor er Debio viktig, vil eg vite. Det går ikkje eingong eit sekund etter eg har stilt spørsmålet så svarer Geir: «Debio er Espen!» Espen Seierstad er kvalitetsrevisor i Debio på nittende året. På Handnesøya kjenner dei han godt.
«Espen har holdt oss oppdatert på regelverket, og vore problemløysar i mange år». Geir meiner at det ikkje har sunke inn hos folk at sertifiseringsordninga til Debio har blitt mykje enklare no enn før, med færre skjema og enklare prosessar. Norsk Landbruksrådgiving var også vore ein viktig sparringspart. «Dei tek seg tida til å setje spada i jorda og kikke på livet der nede.» Geir held fram at inspirasjon er viktig for alle, og at det beste er å besøke kvarandre sine gardar for å sjå på produksjonen. Han fortel nøgd om at kyrne et mykje meir grovfôr enn kravet på minimum 60 prosent i økologisk tilseier.
God tilvekst på kalvane, reine dyr, imponerande avlingar og høg grovfôrandel er det eg høyrer når Åge og Geir fortel. Det skal vere lov å vere stolte!
Debio gratulerer Åge og Geir med 25 år med økologisk drift og ønskjer lukke til vidare!
Etter lang tids sjukdom, døydde Geir Strandheim hausten 2017. Våre tankar går til hans nærmaste.
Garden er solgt og den økologiske drifta skal vidareførast.