Debio møter Debio: Espen Seierstad og Else Thorenfeldt
På ein arbeidsplass møter ein menneske som på eit tidspunkt har tatt eit aktivt val og søkt seg til nettopp denne arbeidsgjevaren. I denne utgåva av Debios magasin har vi tatt ein prat med leiar for sertifisering Espen Seierstad og Else Thorenfeldt, prosjektleiar i Debio Marked. Kvifor har dei valgt Debio, og kva utfordringar og moglegheiter ser dei for at økologisk landbruk og økologisk mat skal få ein større plass i samfunnet?
Tekst: Idun Bjerkvik Leinaas
Espen kom til Debio allereie i 1998, og vart tilsett som inspektør. På den tida var dette sesongarbeid, og ein vart tilsett eitt år av gongen. Han er utdanna agronom, og før Debio hadde Espen vore aktiv i ulike deler av miljørørsla og mellom anna skrive artiklar for medlemsmagasinet til Framtiden i våre hender, Folkevett.
– Ein kan røyre mennesket gjennom formidling, men vegen er lang frå det skrivne ord til å få til faktisk endring. Det er utfordrande å formidle komplekse problemstillingar slik som matproduksjon jo er. Debio var ein etablert aktør som eg ønskja å bli med inn i, og eg synst også at økologisk landbruk er eit særs interessant fagområde. Eg dyrkar mykje sjølv i dag, og har tidlegare også drive gard. Undervegs i mitt engasjement i miljørørsla, blei eg også engasjert innafor djupøkologien, og dermed menneske sitt relasjonelle forhold til natur. Å ha eit personleg engasjement på jobb, kombinert med ein veldig fleksibel arbeidssituasjon, har vore givande for meg.
Med Espen sin bakgrunn frå miljøorganisasjonar er det interessant å få hans perspektiv på kva potensial han ser for samhandling på tvers av interessefelt for å løfte økologisk landbruk.
– Folk som engasjerer seg i økologisk landbruk er praktikarar, og har historisk sett gjerne danna eigne organisasjonar. Folk i miljørørsla har kanskje over tid vore meir akademiske, og mindre praktiske i si tilnærming. Når det kjem til mat tenker ein ikkje alltid på innsatsfaktorane matproduksjonen vår har gjort seg avhengig av. Det er stort potensiale i å få til samtalar på tvers av fagområde. Framtiden i våre hender var i si tid ei folkerørsle, det var grasrota, men har i seinare periodar i stor grad vore ein organisasjon som driv informasjonsarbeid. Kanskje dette er ei lengting frå mi side om å få i stand ei større folkerørsle? Vi kan ikkje sitte på kvar vår tue om vi skal klare å få ein opplyst samtale om matsystemet vårt.
Å få til ein samtale på tvers av fagfelt har Else vore ein viktig brikke i. I 2023 arrangerte Debio Marked Matsymposium for første gong, og i år gjekk dette av stabelen i samarbeid med Nasjonalmuseet. Else har sidan ho kom til Debio Marked i 2021 leia arbeidet med både Matprisen og Matsymposium, men før ho starta dette arbeidet kom ho rett frå økojordet på Korsvold gård på Hvaler.
– Mi første kontakt med Debio var den dagen eg søkte økogodkjenning som produsent for 20 år sidan. Opprinneleg kom eg frå motebransjen, og hadde ingen bakgrunn frå agronomi. Eg vaks opp i ein forstad til Oslo, og min inngang til landbruk var rett og slett ei stor interesse for mat. Eg budde i fleire år i Frankrike, og lærte mykje frå foreldra til vener der, både i kjøkenet men også i utallige kjøkenhagar der kjærleik til mat sto høgt. I det eg flytta heim til Noreg og fekk born på slutten av 90-talet, og skulle gjere matinnkjøp til familien, oppdaga eg at økologisk mat ikkje var heilt rett fram. I vår bittelille hage i Oslo var det etter kvart ikkje plen igjen, og i 2003 kjøpte vi ein gard som vi var fast bestemt på skulle drivast økologisk.
Else var ein av dei som vart kontakta då Matprisen vart etablert i 2014, og var gjennom seks prisutdelingar ein del av den uavhengige fagjuryen. I 2021 vart stillinga som prosjektleiar for Matprisen lyst ut, og Else forsto umiddelbart at ho ønskja å søke.
– På dette tidspunktet hadde vi starta samtalane om behovet for å trappe litt ned på gardsdrifta med husdyrhald og grønsaksproduksjon og direktesal. Eg arbeidde også med eit internasjonalt motebibliotek, og ønska å jobbe med noko som var mindre fysisk krevjande. Dette var midt under pandemien, og eg kom meg til kontoret berre ein gong før nok ei nedstenging, og måtte lære meg mykje frå heimekontoret. Pandemien skapte faktisk ei opning for sånne som meg som ønskja å arbeide på distanse.
Espen kom frå miljørørsla, Else frå landbruket og før det moteindustrien. Eg er nysgjerrig på kva samanhengen er mellom mote og matindustri ?
– Mote- og matindustrien er to industriar som forureinar mykje, og som begge har utfordringar knytt til sosial berekraft. Det skjer mange initiativ i dag som skal betre situasjonen, men det tar tid. Ein kler på seg kvar dag, og ein et kvar dag. Gjennom både kleda og maten vi et kommuniserer vi noko til omverda, og for meg og min mann handla vårt prosjekt også om integritet, om det å vere sjølvforsynt og handle ut i frå ein økosystemtankegang. Vi har gjennom alle år arbeidd med handverk og estetikk, og har stort fokus på å formidle økologien gjennom maten vi har produsert. Å få arbeide med økologisk mat frå den andre sida, i Debio Marked, er kjempespennande. Det er praktisk, det er driftsorientert, men også i stor grad eit utviklingsarbeid. Skal vi få inn fleire stemmer og kompetansar for å utvikle matsystemet vårt, må vi gå bort frå å la land- og havbruksinteresser vere næringsinteresser aleine. Gjennom arbeidet med Matsymposium opplev eg stort engasjement hjå våre omgjevnadar for å finne fram til både fellesskap og nye løysingar.
Økosystemtenking er felles for Else og Espen, dei treff kvarandre i behovet for at vi som menneske må styrke vår relasjon til naturen, og at vi i større grad treng å tenke heilskapleg.
– Det har vore ei førestilling om at «berre vi fortel om dette» Då! vil det gjerast tiltak. Men kva kan enkeltmenneskket eigentleg gjere? Mange av tiltaka vi må inn på krev ein annan livsstil. Vi må slutte å forbruke så mykje av naturen sine ressursar. Medvite eller ikkje, vi blir i stor grad fanga av ein levemåte som vert styrt av økonomi og forventingar frå omverda. Kjenslemessige relasjonar er vesentlege for å kome nærare naturen, vert det bygd hytter i eit område du ikkje kjenner til, er vegen lang for å sjå utfordringar ved nettopp denne hyttebygginga, utdjuper Espen.
Røynsler frå kommunikasjon og formidling er eit anna tema som Espen og Else har til felles. Det er stort potensiale i å auke kunnskapen om økologisk landbruk og økologisk mat. Korleis kan vi få til dette?
– Som bonde forsøkte eg å marknadsføre økologisk mat som noko godt, vakkert og viktig med omsyn til dyr, planter og jord, fortel Else. Eg opplevde at dette ga mine kundar nye perspektiv. Når du fortel historien til eit produkt får kunden ei tettare tilknyting til produktet eller prosessane maten inngår i. Så må eg også legge til at for oss har det vore særs provoserande å treffe bønder som ikkje har godkjenning for økologisk produksjon, men fortel historier til kunden som om dei driv økologisk. Mange forbrukarar trur at dei kjøper noko anna enn det dei kjøper. Dette er ei kommunikasjonsoppgåve eg ønskjer å arbeide med i Debio Marked, det er Ø-merket du bør sjå etter når du handlar mat.
Men kontrollordningar som Ø-merket kostar både tid og pengar, og ein revisjon frå Debio kan vere tungvint. Espen, som leiar arbeidet med sertifisering i Debio, tar ballen:
– For å få ei godkjenning for økologisk produksjon er det mykje som skal dokumenterast. Men, sett i samanheng med korleis kontrollordninga vart organisert tidlegare, vil eg hevde at ei økologigodkjenning er vesentleg enklare i dag enn før. Som produsent får du god rettleiing frå revisor, og økologisk førsteråd frå Norsk landbruksrådgiving er tilgjengeleg nasjonalt. Klarer vi å styrke meirverdien Ø-merket gir, vil det bli enklare å gjere økologigodkjenning til eit minimumskrav.
Prispresset på mat er ei overhengande utfordring for matprodusentar, økologiske som ikkje-økologiske.
– Det er økonomisk krevjande tider, kostnadane aukar, men prisen på det du sel står forholdsvis stille. Vi treng å verdsette dei mindre voluma, og det er eit overhengande behov for betre marknadsadgang for økologiske produkt, dette gjeld stort sett alle varekategoriar, framheld Else.
Slagordet til Debio er «fordi du bryr deg». Kvifor bryr Espen og Else seg?
For Espen har det med eit engasjement å gjere.
– Mitt engasjement for livet blir skapt gjennom empati. Eg bryr meg jo eigentleg om meg sjølv, og eg ønskjer å få andre personar, dyr og natur til å bli like viktige som meg sjølv. Det gir meg både djupnad og meining i livet. Om eg lar vere å bry meg vil eg tru livet blir flatare.
Else trekk fram ønskjet om eit nærvær.
– Vi burde lære om og vere i naturen i mykje større grad. Eg ser eit stort behov for at vi lærer oss å bli glad i det nære, ein må ikkje reise til den andre sida av kloden for opplevingar. Vi treng å stoppe opp og fokusere på dei enkle gledene. Maten og jorda er her rett føre oss, og å bry seg om dette, og menneska ein har rundt seg, gir stor meining for meg.