Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Debio møter Debio: Marianne Myhren, kvalitetsrevisor bedrift

Tekst: Helene Austvoll
Foto: Espen S. Seierstad / Debio

Ser du Ø-merket på eit produkt kan du vere trygg på at produksjonen har gått føre etter økologiregelverket.

Ei kvar bedrift som brukar Ø-merket er sertifisert av Debio og får besøk av ein kvalitetsrevisor ein gong i året. Sertifisering kan virke skremmande for mange bedrifter som vil produsere økologisk mat, med krav om dokumentasjon av alt frå produksjon til sal. Med kvalitetsrevisorar som Marianne Myhren ved si side, ville eg følt meg trygg.

Etter snart 20 år på baken i Debio har ho møtt menneske rundt om i landet med hjarte for økologisk mat, og følgjer dei frå innmelding og trygt fram til Ø-merka mat! 

Som kvalitetsrevisor for bedrifter møter du mange ulike folk i matbransjen. Kva er det med bransjen du blir inspirert av?

Eg blir inspirert av folk som får til så mykje. Det er ganske mange som med stort engasjement startar opp små bedrifter. Dei oppdagar at det er mykje meir jobb enn dei hadde førestilt seg, men får det ofte godt til. Mange tråkkar opp stiar som ingen har gått før, og har brennande engasjement for mat og miljø.

Marianne er utdanna næringsmiddelteknolog frå det som då var Høgskulen i Sør-Trøndelag. Med noko arbeidserfaring frå Mattilsynet søkte ho jobb i Debio. Etter nokre år med hybel på Bjørkelangen vart det heimekontor frå Skien. Korleis er det for deg å reise rundt å møte folk?

Eg er kanskje ei litt rastlaus sjel, og likar godt å reise rundt. Etter fleire dagar på heimekontor gler eg meg til å reise ut på revisjonstur, sjå nye stader, og møte både nye og kjende fjes.

Med heimekontor blir det ein del aleinetimar. Korleis er det å jobbe slik?

Det er ikkje alle som trivast med å sitje på heimekontor aleine. Eg likar godt fleksibiliteten det gir, og å kunne sitje i fred. Ute på revisjonstur er det ofte veldig sosialt, og då er det fint å kome tilbake til kontoret mitt.

Alle som produserer, lagrar, importerer eller marknadsfører økologiske eller biologisk-dynamiske matvarer, treng ei godkjenning frå Debio. Kva må ei bedrift gjere for å få sertifisering frå Debio?

Det fyrste dei må gjere er å fylle ut søknaden som ligg i vårt elektroniske innmeldingssystem på debio.no. Når vi får den, tek vi kontakt, ringer og avtaler fyrstegangsbesøk. Når vi møtast går vi gjennom rutinar for handtering av økologiske råvarer, alt frå lagring, produksjon, pakking og emballering, og hjelper til med det dei lurar på. Når alt av dokumentasjon og rutinar er på plass får dei eit sertifikat som visar kva dei er godkjent for. Vi kjem på revisjon årleg, i tillegg til at vi kan kome på umeld revisjon. Umelde revisjonar baserar seg på risikobaserte vurderingar, i tillegg til at vi også kan kome innom nye bedrifter etter nokre månadar for å sjå korleis det går.

Etter å ha jobba med økologi i så mange år, opplev du ei endring i haldning no samanlikna med då du starta?

Eg møtte ofte meir skepsis både blant kundar og folk generelt, det har alltid gått litt i bølgedalar. Jamt over er det mykje meir positivitet no, og klima og miljø står høgd på samfunnsagendaen.

Kva type feil er det folk ofte gjer i prosessen med å sertifisere sin produksjon?

Etter det vart innført krav om å merke med det norske kodenummeret NO-ØKO-01 under Ø-merket på produkt har det vore ein del feilmerking. Vi oppmodar til å sende emballasje til gjennomsyn frå oss før trykking. Det er også ganske vanleg å gløyme å fylle ut mottakskontroll – det vil seie å dokumentere at råvarene dei kjøper inn har økologisk sertifisering. For nokre bedrifter er det også utfordringar med å innhente dokumentasjon på råvarer frå andre land.

Hender det du kjenner på audmjukskap når du er på jobb?

Ja, av og til. Når eg møter folk som står på og får det til, kan eg bli full av beundring og audmjukheit.

Er det noko som gjer deg stolt i løpet av ein arbeidsdag?

I nokre bedrifter kan det av ulike årsaker vere ekstra utfordrande å få på plass gode rutinar, og vi må jobbe litt ekstra for å få ting på plass. Når eg då kjem på neste revisjon og alt er på stell, får eg ei god kjensle – då har alle gjort ein god jobb!

Kva utfordringar kan du møte på under revisjon?

Det er ofte nye problemstillingar og utfordringar undervegs, men sjeldan så alvorleg. Viss det er ein stor kjede kor leiinga har bestemt at alle undereiningar skal ha ein viss økoandel, kan det ofte vere utfordring med motivasjonen til dei tilsette – dei skjønar ikkje heilt kvifor dei treng ei sertifisering. Det er ikkje vår jobb å motivere og inspirere, det er DebioInfo sitt område. Vi kan forklare og hjelpe dei gjennom sertifiseringsprosessen.

DebioInfo er Debio sitt dotterselskap, og driv med formidling og kommunikasjon knytt til Debio sine merker. Tenesta Matvalget gir vegleiing til offentlege og private verksemder som vil lage bærekraftige måltid. Når Matvalget har vore inne og gitt rettleiing til ei bedrift går ofte stafettpinnen over til Debio. Korleis opplev du den overgangen?

Eg kjem ofte på fyrstegangsrevisjon til storkjøkenbedrifter som har hatt besøk av Matvalget. Sertifisering er jo skild frå DebioInfo, så det er ikkje alltid eg veit at Matvalget har vore inne fyrst. Dei tilsette har ofte fått god kunnskap om hensikta med sertifiseringa, og er veldig positive. Det er enklare å få innført rutinar som krevjast for å blir sertifisert når dei har fått informasjon og inspirasjon på førehand. Ikkje minst at dei har ei forståing av dei ulike rollene og kva som skiljar oss på sertifisering frå Matvalget si rettleiing.

Å vere open og ærleg er viktige verdiar i Debio, og mykje lærdom kjem av å prøve og feile. Kva er ein vanleg revisortabbe?

Alle gjer jo feil, det er menneskeleg. Små feil kan vere å melde frå til bedrifter om feil dag og dukke opp utan å ha ein avtale. Elles kan vi gi feil informasjon om regelverket og kva krav som gjeld. Då må vi berre krype tilbake og fortelje kva som er riktig.

Interesse for kontroll og tilsyn er vesentleg for ein kvalitetsrevisor i Debio, men å ønskje å arbeide for eit berekraftig landbruk er vel så viktig. Marianne sitt hjarte ligg begge stader. Debio sitt slagord er «Fordi du bryr deg, om jorda, og maten vi et». Kvifor bryr du deg?

Eg vil at maten vår skal vere mest mogleg rein, at det ikkje skal vere restar av kjemikaliar i den, og ikkje minst at dyra vi et skal ha det bra mens dei lev.

Sertifisering – steg for steg:

1. gå inn på debio.no
2. trykk på den grøne boksen Veiledning, kurs eller sertifisering?
3. velg område du vil søke sertifisering for, f. eks. Foredling, import og omsetjing
4. klikk søk nå, eller om du kjem inn på sida, søk sertifisering
5. klikk registrer og fyll ut så godt du kan i det elektroniske skjemaet
6. når du har sendt inn skjemaet vil Debio ta kontakt for å avtale eit besøk
7. har du spørsmål kan du ta kontakt på kontor@debio.no

Del denne artikkelen

Kontakt