Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Debio møter Debio: Petter Stanghov, kvalitetsrevisor landbruk

Tekst: Helene Austvoll
Foto: Espen S. Seierstad / Debio

Det finst mange bautaer i økolandbruksmiljøet. Mange kan ærast og heidrast for å ha lagt ned tid, pengar og kanskje aller mest sjela, for å få opp og fram ei økologisk tilnærming til mat og samfunn. Imponert blir eg alltid når eg får snakke med nokon som har stått på barrikadane i årevis, og framleis står der! Kor kjem dette drivet frå? Det må jo kome innanfrå, tenkjer eg.

Gjer det det for deg, Petter?
– Eg trur vi alle har ein medfødt kjærleik til, og omtanke for det som livet består av. Både naturen som vi er ein del av, og vår eigen menneskelege natur. Det er berre eit spørsmål om i kva grad vi kan ta det innover oss. At vi har interesse for, og kjærleik til natur og menneskje er med å gi oss moglegheit til å utvikle oss.

Petter vaks opp til ønskjer frå mor si om å bli økonom og få jobb i bank, eller bli gemissmakar og tannteknikar som far sin. Med naturen tett på gjennom barndommen i Lillehammer, gjekk Petter i staden til skogbruket og så til landbruket for å finne sin veg. Når han nemner Goethes verdensanskuelser og fargelære skjønar eg at vegvala til Petter stikk djupare enn humuslaget.

– Skogen har vore ein vesentleg del av alle dei gardseigedommane eg har jobba på og vore med å drive. Særskilt om vintaren har det vore ein viktig aktivitet i tillegg til fjøstider. Det handlar om å bruke ressursane på garden på ein god måte.

Men Petter skulle meir enn ut å hogge tømmer. Byrjinga av 80-talet fylte han med inspirasjon og kunnskap frå den garden vi kallar Debios vugge – Frilund gård på Bjørkelangen. Vinterlandbruksskulen var neste stopp, og etter fire år med biodynamisk landbruksskule i Tyskland, reiste han og kona Inga til Melhus i Trøndelag og leigde ein gard. Det var blaute tilstandar i Trøndelag, og dei ville sørover etter nokre få år. Då drog dei med to trailerlass med rundballar, to kyr, ein flokk ungdyr og ein traktor til Nesoddlandet!

– Vi hadde ikkje så mykje å starte opp med. Vi leigde ein gard, Røer gard, og tok kontakt med Cultura bank. Som grøn bank kunne dei støtte verksemder som ville vere til nytte for andre enn seg sjølve. Våre ønskjer og deira visjon fekk oss til å samle menneskjer på Nesodden som var interessert i å delta i gardsdrifta. Det var eit tidleg forsøk på å gjere folk i nærmiljøet ansvarlege.

«Sjølvforsyning handlar om kretslaup og gardsindividualitet. Altså at ressursane på ein gard er bundne til eit kretslaup med høgast mogleg sjølvforsyningsgrad.»

– Petter

Gjennom andelar i kyrne og jorda; lån frå Cultura, gåvepengar og ti billige kviger frå Trygve Sund – økopioneren på Alm Østre i Hedmark, kunne dei bygge stein på stein på Røer gård. Mjølkeproduksjon, grønsaker, fôrproduksjon og høns. Idealisme, tilknyting til samfunnet og undervisning var essensielt.

– Vi malte korn og bakte brød i vedfyrt bakar­omn, og hadde mange menneskjer som kom og gjekk på tunet. Vi fekk til mjølkeproduksjonen på ein god måte, men det tok ei stund å verte kjent med jorda og syte for gode avlingar og ugrashandtering. Etter ti fine år på Røer gård tok sonen til eigarane over garden, satte opp husleiga og vi reiste vidare til Fokhol gård i Stange.

Etter fire år som ein del av stiftelsen Fokhol gård, flytta Petter og Inga i 2002 til Hamar – ho for å jobbe med homeopati og sjukepleie, han i Debio. Korleis var det å gå over til kontorjobb etter eit så praktisk yrkesliv?

– Det var ein overgang sjølvsagt. Det praktiske livet sit i ryggmargen etter alle dei åra. Samstundes følte eg at eg kunne vere med å fremje økologisk landbruk gjennom møtet med bøndene. Med eiga praktisk erfaring kunne eg setje meg inn i den kvardagen dei står i. Eg fekk absolutt halde fram med interessa mi i Debio, sjølv om det no handla om handsaming av regelverk.

Petter fortel at han i løpet av dei fire åra med utdanning og praksis på gardar i Tyskland, lærte korleis bøndene i Nord-Tyskland samarbeida innanfor Demeter-ordninga.

– Siste onsdag i månaden hadde dei fagmøter på dei ulike gardane. Mellom femti og hundre bønder møttes og hadde gjennomgang av driftsopplegg, gav innspel på kvarandre sine idear og metodar, i tillegg til å høyre på foredrag og førelesningar frå fagfolk innan kompostering, humusprosessar og anna relevant. Det var på denne måten dei sertifiserte kvarandre. Det opplevdes som ein positiv og trygg måte å godkjenne kvarandre for dei som var ein del av den gruppa, i tillegg til det faglege og sosiale utbyttet.

Ville ei slik godkjenningsordning fungert i Noreg?
– Som ein del av EU-forordninga er det nødvendig at vi har eit godt etablert og trygt system for sertifisering, slik vi har gjennom Debio. Det er viktig at vi i sertifiseringa også ser bonden, slik eg opplevde med ordninga blant Demeter-bønder i Tyskland. Denne erfaringa hadde eg med meg som ein konstruktiv måte å utvikle det økologiske og biodynamiske jordbruket i Noreg – det gav fagleg utvikling og skapte fellesskap blant bønder.

Landbruksstudent, skogsarbeidar, bonde, pedagog og kvalitetsrevisor. Det er ein rikhaldig CV vi har med å gjere her. For å runde sirkelen begynte Petter på skulen igjen. Denne gongen med penn og papir heller enn ugrasharv. Økologisk økonomi på Nord universitet. Kva ligg i økologisk økonomi for deg?

– Interessa for korleis vi menneskjer oppfattar ting; korleis vi handlar ut i frå det vi forstår, er eit fagfelt eg alltid har vore interessert i. Økologisk økonomi er eit breiddspektra perspektiv på økologi. Økologisk landbruk i eit regelverksperspektiv handlar om minstekrav knyta til dyrking, produksjon og foredling. Samstundes har vi ei forventing om at økologien og miljøet som heilskap tas omsyn til i den økologiske produksjonen, og då treng vi eit perspektiv som er større enn berre type gjødsel og fråvær av driftsmidlar. Økologisk økonomi handlar mellom anna om at økologisk landbruk treng å få inn fleire berekraftselement, til dømes når det kjem til ressursbruk. Økonomiforståing er ein viktig del av det.

Det kan opplevast som eit paradoks at det i det politiske landskapet handlar om å auke sjølvforsyningsgraden av norske landbruksvarer, men då basert på at vi får færre men større bruk. Det heng ikkje heilt saman med sjølvforsyning i eit berekraftsperspektiv.

– Sjølvforsyning handlar om kretslaup og gardsindividualitet. Altså at ressursane på ein gard er bundne til eit kretslaup med høgast mogleg sjølvforsyningsgrad, som at det er balanse mellom talet på husdyr og fôrproduksjonen.

Kva er utfordringane med mainstream økonomisk tankegang slik du ser det?
– Vekst er ein føresetnad for ein mainstream økonomi. Vi forventar økonomisk utbytte, og er livredd for at økonomien skal stoppe eller gå tilbake og sette ned forbruket. Å vere avhengig av konstant auka forbruk er ein problematisk veg å gå. Vi ser på naturen som eit spisskammers – det er nytteetiske ting som ligg til grunn, vi skal nytte oss av naturen, utan å sjå behov for å ta vare på natur for naturen si skuld. Den har ingen eigenverdi utover å hente ut ressursar. Dette har stor påverknad på korleis vi omgåast og handterer naturen. Ei dydsetisk tilnærming derimot inkluderer naturens eigenverdi.

I masteroppgåva di valde du ei gruppe menneskjer i Østfold som driv økologisk mjølkeproduksjon. Kva såg du i dei som gjorde dei interessante for studien din?

– Dei ønska å auke sjølvforsyningsgraden på sin gard gjennom lokalprodusert grovfôr og proteinkjelder. Dei har vore avhengige av soyaimport for å halde høg mjølkeproduksjon, og no ville dei kutte ut den. Eg var nysgjerrig på kvifor dei stilte seg slike spørsmål og kva konsekvensar det hadde for deira drift. Nokre av dei hadde mange traktorar og meir maskinar og utstyr enn dei trengte. Dei ønska å utvikle ei meir berekraftig drift, og begynte å sjå på energiforbruk, leige av arbeidskraft frå utlandet, og fôrbehov sett opp mot mjølkeproduksjonen. Nokon snakka om å redusere mjølkeproduksjonen for å vere sjølvforsynt med fôr.

Alle hadde dei ein ambisjon om å ha ei mjølkeproduksjon utan innkjøpt fôr, og heller basere seg på haustraps og åkerbønner. Dei såg at det var mogleg å halde oppe mjølkeproduksjonen med norskprodusert kraftfôr. Norsk mat på norsk jord? Kvifor meiner du det er så viktig å vere sjølvforsynt?

– Er det riktig å legge beslag på områder i andre land for å produsere fôr til norske bruk, områder som kunne blitt brukt til anna type matproduksjon nasjonalt? Det handlar om både forureining ved internasjonal transport og kva som er best utnytting av jordområder. Det er sårbart å basere seg på importert fôr – kva skjer om den månadlege leveransen av soya ikkje kjem på grunn av internasjonale konfliktar eller andre årsakar? Det er også meir lønsamt å produsere lokalt, og for jordsmonnet er det berre positivt å få fleire ulike plantar inn i vekstskiftet.

Det manglar ikkje på djuptgåande refleksjonar og idear for ein meir berekraftig matproduksjon. Den tida han dreiv gard på Nesodden hadde Petter tatt med rugkorn frå Tyskland som hadde vore dyrka biodynamisk i 30 år! Kornet vart dyrka, hausta, malt, bakt til brød og seld. Kunnskapen til Petter sit i både hovud og hender. Eg lurar på kva som er hans draumebruk?

– Med utgangspunkt i eit gunstig klimatisk område, kor vi kan dyrke matkorn og grønsaker, ser eg føre meg dette: Ein gard på omkring 1000 dekar med femti kyr. Den drivast økologisk eller biodynamisk av to eller tre familiar. Sjølvforsyningsgraden er optimalisert, med nok mat, fôr og energi. Vi dyrkar såfrø i tillegg til å foredle mjølk og kjøt i eige ysteri og slakteri. Det er solceller på alle tak, og det nyttast fornybar energi i form av sol, vind eller jordvarme. I tillegg til å vere ein råvareprodusent har vi sterk tilknyting til samfunnet rundt. Garden er ein pedagogisk ressurs for skular, barnehagar og andre, og vi har andelshagar eller liknande. Alle treng ikkje å jobbe med garden heile tida, men bidra på ulikt vis. Menneskjer med kompetanse innan maskin, energi, pedagogikk, samfunn, ernæring og andre fagområder utanfor matproduksjon er involvert.

Petter forfektar ideen om å vere bonde på heiltid, men med ein føresetnad om at prisane på mat må opp. For eigen del er nok likevel tida for fulltids bondeliv forbi, men med tre mål tomt tilhøyrande eit gamalt hus i Fredriksstad er det rom for både høns og gris og grønsakshage.

Del denne artikkelen

Kontakt