Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Eit hus å drive fjøs i

Tekst: Helene Austvoll | Foto: Birgitta Eva Hollander – Heia Folk

Mange ville kanskje etter 20 år som mjølkeprodusent tenkje avvikling framføre utvikling. Men med vilje og ønskje om å drive vidare ein gard som tek omsyn til menneska, dyra og jorda, vart det bygging av nytt fjøs. Og drivhus! Drivhusfjøs nemlig. Plantar og husdyr i eitt og same hus har vore mest i vinden nedover i Europa, men vi har reist til garden Gran Nordre i Snåsa for å finne ut om det kanskje kan bli det her i Noreg også.

Erik helsar oss varmt velkomen i blesten, og tek oss med til eit fjøs av ein annan sort. Det er ein enkel trekonstruksjon, med perforerte plastplater, og lufting i mønet. Likevel er det god skjerming for vinden. Han fortel engasjerande om bygginga av fjøset og korleis vind og varme sirkulerast naturleg. Kanskje endå meir spennande er det som skjer under føtene våre. I skiten. Her vert kugjødsla omdanna til kompost, og utan å flytte seg ein millimeter er det dyrkingsklar jord til beiteslepp. Inga avrenning eller tap av næringsstoffer. Her snakkar vi maksimal utnytting av bondens gull. Det høyrast nesten for godt ut til å vere sant. Før vi graver oss inn i det vil eg vite litt kven vi har med å gjere her: Erik Gran.

Sjølv omtalar han seg som husdyrmann. Ikkje rart etter eit heilt liv med kyr som nærmaste nabo. Sidan han tok over familiegarden i 1994, har han drive med mjølkeproduksjon, både aleine og i samdrift. Det ligg noko meir bak denne konvensjonelle mjølkebonden – han snakkar som ein økolog, med varme og omtanke for det levande. For 10 år sidan møtte han Cornelia frå Tyskland, og då tida kom for å vurdere framtida til garden, klekka dei ut ein idé om å bygge eit drivhusfjøs! Kor kom ideen frå?

– Det sto mellom å bygge nytt og stort mjølkefjøs, eller å slutte med ku. Vi valde verken det eine eller andre. Vi ville satse på ammeku og bygge eit nytt, men enkelt fjøs. Då vi snakka om å bygge nytt, ville kona mi i tillegg at vi skulle bygge eit drivhus – og det var då det sa «klikk»! Eg hadde sett andre i Europa kombinere drivhus og fjøs i ein og same bygning. Gjekk dette an? Vi reiste rundt i Nederland, Tyskland og Austerrike og henta inspirasjon og kunnskap om såkalla komposttallefjøs, eller det vi kallar drivhusfjøs.

Drivhusfjøs vart det! Frå dei starta å bygge september 2016, berre forstyrra av eit par vinterstormar, sto heile bygget klart mars 2017. Det var grunn til å sprette champagnen den marsdagen då tre-fire kyr med kalvar flytta inn, og like fullt den dagen seinare på våren dei fekk inn plantar og det byrja å vakse.

– Før vi byrja å bygge fylte vi på med flis som grunnstrø, fresa det opp saman med talle frå sau og kalvar for å få i gong omdanninga av komposten frå fyrste stund.

Vi står inne i det 150 kvadratmeter store fjøset. Dei perforerte plastplatene i vegg og tak slepp inn omkring 60 prosent lys, ventilasjonen kjem frå under mønet og gir naturleg luftgjennomstrøyming, og i begge ender av bygget er det opning med plastgardiner. Det er romsleg og luftig. På det mildt sagt utradisjonelle fjøsgolvet ligg det nokre hausteklare graskar. Planterestane skal snart tilbakeførast til jorda og det skal gis plass til kyrne. Korleis fungerer eigentleg eit drivhusfjøs?

– Vi har omkring 20 ammekyr. Frå september til mai har vi dyra inne i fjøset. Her går dei saman med kalvane, og kvar dag går dei inn i det gamle mjølkefjøset for å bli fôra. Då set eg meg på traktoren og freser opp tallen, altså blandinga av kumøkk, halm, og flis, og legg til slutt på nytt strø. Tilførsla av nytt materiale gir reint og tørt underlag for dyra, samstundes som det held komposteringa i gong. Når dyra vert slept på beite om våren, er det plantane sin tur til å ta plass i fjøset.

Det er få andre som har eit slikt fjøs i Noreg, og Erik vendte seg difor til NORSØK for tre år sidan, for å diskutere ulike problemstillingar knytt til komposteringa og driftsopplegget. NORSØK sette i gong eit prosjekt over to år for å sjå på kvaliteten av kompostert talle som vekstmedium. Dei kom mellom anna fram til at utfordringane med plantedyrking i drivhus er overkomelige, og arbeidet er ikkje meir arbeidskrevjande enn vanlege ammekufjøs. Dyra er friske og trivast, og dei plantane som gav best resultat var graskar og squash. Resultata frå prosjektet kan lesast i ein eigen rapport frå NORSØK*.

– Graskar og squash trivast godt i kompost. Tomat fungerer også bra, men dei rekk ikkje å modne. Det er utfordrande med eit så luftig fjøs, kor nattetemperaturen på sommartid blir for låg. Det blir litt som å dyrke på friland.

Å kombinere planteproduksjon og storfehald i eitt og same hus var kanskje litt for godt til å vere sant likevel?

– Vi har bygga eit kompromissfjøs. Det er framføre alt eit fjøs for ammekyrne, og grønsaksavlinga ser vi på som ein bonus. For å betre vekstkåra for plantane kunne vi planta dei ut i fjøset tidlegare på våren, og vi kunne til dømes hatt skyvelukar i veggane som ville bremse vind og gi meir stabil temperatur i dyrkingssesongen. Men skulle vi tatt fjøset i bruk ein månad før, ville det vore for tidleg å sleppe dyra på beitet. Eg kunne også tenkje meg å bruke fjøset til dyra i løpet av beitesesongen for å la beitegraset kvile. Slik sett ville nok det beste vore å hatt tunnelar ute til å dyrke grønsaker i, og bruke komposten frå fjøset som underlag og dyrkingsmedium. Fjøset ville blitt frigjort til dyra og vi kunne tilpassa veksthøva betre til grønsakene, både med tanke på tid og inneklima.

Til å vere ein av dei fyrste i Noreg som har satsa på drivhusfjøs er det meste godt gjennomtenkt. Dei er bevisst at justeringar kunne blitt gjort for å optimalisere både planteproduksjonen og husdyrhaldet, men held fast ved at husdyrhaldet står i fokus, mens grønsakene kjem som ein bonus.

– Vi har ikkje alle svara. Eg trur ein slik praksis må utviklast, utprøvast og forskast meir på – både byggtekniske løysingar for å tilpasse fjøset til både plantar og dyr, men også sjå på komposteringa og kvaliteten på komposten som vekstmedium anten i eller utanfor fjøset.

Eg har inntrykk av at ein slik ide om å bygge eit drivhusfjøs ikkje berre kjem for å få ein enklare kvardag som bonde. Det ligg ein gjennomtenkt etikk bak vala Erik og Cornelia har gjort. Korleis kyrne skulle ha det har vore viktig.

– Det var ein mjuk overgang frå mjølkeku til ammeku. Eg byrja med vårkalving og kalvane gjekk i lag med mora på dagen, og vart skilt om natta. Det var ein praktisk måte å nytte det gamle mjølkefjøset på, og at du let dyra gjere jobben for deg. Eg ønskte å fokusere på samspelet mellom ku og kalv parallelt med mjølkeproduksjon. Eg ville legge til rette for at dei kunne utøve si naturleg åtferd – det vart jo mindre jobb for meg som røktar for kua og kalven klarer seg ganske godt sjølv.

– Det var fascinerande å sjå at sjølv små kalvar innretta seg veldig fort etter å bli skilt på kvelden, og mora tok det ganske med ro. Ho visste kalven kom ut igjen neste dag. Det kan virke litt tungvint, men mi erfaring er at arbeider du med dyra er det ikkje så tungvint likevel.

«Magekjensla seiar at ein lyt samarbeide med naturen.»

– Erik Gran

Å gi rom for samspelet mellom kua og kalven er berre ein del av Erik og Cornelia sin plan. Like viktig er det å ha ei gjennomtenkt forvalting av beitelandskapet. Varig eng er målet, og plogen har ikkje vore brukt på fem år. Vi går ut i duskregnet og nokre hundre meter nedover jordet til der dyra går og beitar. Ein flokk med brune limousinkyr går saman med kalvane sine og litt lengre nedi bakken står Simmentaler-oksen Nikolai. Nikolai er den mest sosiale, og vil helst ha kos og merksemd. Dei andre kyrne blir etterkvart nysgjerrige på oss.

– Eg syns at limousinrasen er ganske fleksibel. Det vert sagt at dei treng mykje kraftfôr, men vi har dei mykje på beite. Vi har stort fokus på å skifte beite og la enga kvile. Eg er inspirert av ideane om målretta beiting og jobbar med å praktisere det.

Erik er inspirert av Allan Savory, opphavsmann til metoden ”Holistic management” – i Noreg vert det kalla målretta beiting. Dyra flyttast ofte for å unngå overbeiting.

– Problemet med overbeiting er ikkje at du har mange dyr på eitt område, men at dei går og tråkkar for lenge. Det er ein av kjepphestane til Allan Savory. Savory framhever at der må vere ein balanse mellom kviletid og tråkking. Det verste er å setje ut ein fôrhekk på eit areal og dei tråkker sund området. Då er det betre at dei går inne i fjøset eller i eit område utanfor for å ete.
– Men det tek lang tid med regenerering av grasmark slik som vi held på med, å få eit beitesystem til å fungere tek lang tid. Du gjer nokre grep eitt år, og så får det ikkje verknad før neste sesong. Og så gjer du nye grep og ikkje før etter tre-fire år skjer det ei endring. Vi slutta å pløye for fem år sidan. Som gammal agronom har det vore tider kor eg berre har hatt lyst til å sjå vekk for det har sett dårleg ut. Men langsamt held det på å endre seg i ein annan retning. Tør du la suksesjonen gå eller skal du snu opp ned på alt og starte med svart jord kvart år?

Kva råd ville du gitt meg om eg skulle tatt over ein gard og vil drive med både husdyr og grønsaker?

– Eg ville anbefalt å få eit slikt fjøs vi har til oppstalling av dyra, og samstundes eit opplegg for å køyre ut tallen til eit tunnelveksthus eller drivhus med jordgolv. Vekstskifte og samplanting må du tenkje på, framføre monokultur. Eit val å ta er også om det skal vere høg produktivitet med maksimal kontroll på vekstfaktorane, eller low-tech løysingar med samplanting av vekstar. Sjølv har eg trua på low-input landbruk, og det å ta utgangspunkt i topografi, til dømes å bygge i solvendt skråning og nytte deg av både jordvarme og solinnstråling. Magekjensla seiar at ein lyt samarbeide med naturen.

Føler du at driftsopplegget kan vere til inspira­sjon for andre?

– Eg håper jo det! Eg har drøymt om å vere eit eksempel på at det går an å utvikle ein liten gard på ein måte som gir gode inntektsmoglegheiter og at du ikkje berre jobbar for banken. Vi er jo privilegert her med ein gard som i stor grad er nedbetalt, i tillegg til at vi heile tida tek medvitne val om å nytte løysingar som krev lite kapital og lite teknologi, og heller la dyra gjere jobben. Eg trur ikkje at det er noko som er så effektivt som å drive jordbruk med hender og hakk, at vi brukar enkle handredskap. I tillegg får du ei heilt anna kjensle med kva som føregår i jorda, og livet i plantane og samspelet mellom plantar og jord.

Viss du får besøk av landbruksministaren ein dag, kva ville du ho skulle ta med deg ut til andre?

– At det er mogleg å produsere mat med enkle midlar. At landbruk handlar meir om å forstå og legge til rette for samspelet mellom det levande – jorda, plantane og dyra, og prøve å arbeide med dei organismane. Vi er jo tenarar for dyr, plantar og jord, og er audmjuke for den jorda vi skal forvalte.
– Vi ville jo sett pris på å verte anerkjent for det vi gjer. Vi opplev at den grunntanken i landbruket i dag er at høgteknologi skal løyse klimaproblemet, og at gjennom etterspurnad etter teknologi tener storindustrien pengar på å selje sine tenester og produkt. Verda vår er fokusert å vere kopla på og overvake, i staden for å ut å stikke eit greip ned i jorda og sjå korleis det ser ut under torva.
– Eg er ikkje motstandar av teknologisk utvikling – kvar og ein av oss kan ta eit val om kor mykje vi vil det skal styre. Vi må likevel ikkje gløyme at det er samspelet mellom menneska, dyra og jorda det handlar om. Det ser vi her i praksis, når vi tar trevirke inn i fjøset, blander med husdyrgjødsel og får til ein prosess som gjer at vi igjen får plantar til å veksa i det same.

Det er tydelig at de bryr dykk om dyr og jord og mat. Kor kjem denne drivkrafta frå?

– Eg er jo ein konvensjonell gardsbrukar. Cornelia si interesse for mat, permakultur og ulike dyrkingsmåtar, vekka også ei interesse hos meg. Det ligg noko i skjeringa mellom oss to som har ført oss her vi er i dag, og eit ønskje om å drive på ein måte som ikkje er øydeleggande, men heller oppbyggande for miljøet. Vi har vore opne for nye moglegheiter og ho har vore tydelig på å ta val framføre å berre tenkje på det, men heller tørre å ta sjansen.

Ei veke etter vi er tilbake frå turen vår til Snåsa, tikkar det inn ei melding frå Erik. Han sender bilete av drivhuset som er gjort om til fjøs igjen. Underlaget et dekka i flis og kyrne har god boltreplass.

Gran Nordre er ikkje ein Debio-godkjent gard. I magasinet ønskjer vi å trekke fram historier frå landbruket som kan inspirere til bærekraftige val. Erik og Cornelia driv ei praksis som vi trur kan vere til inspirasjon for andre.


Målretta beiting

(eng. Holistic Management) er eit planleggingsverktøy utvikla av økologen Allan Savory, med utgangspunkt i tørre områder i Afrika. Det handlar om å etterlikne korleis ville dyr beiter, og flytte dei til nye beiter før graset blir beita heilt ned. Dyra får godt fôr, plantane får tilførsel av gjødsel og får tid til å kvile før neste runde med beiting.

Målretta beiting er ein del av ein større praksis: regenerativt landbruk. Omgrepet vart først brukt av eit amerikansk forskingsinstitutt, Rodale ­Institute. Målet er å betre den overordna helsa til landbruksøkosystemet, gjennom å tilføre organisk materiale til jorda, redusere jordbearbeiding, auke biologisk mangfald og unngå at jorda ligg bar utan dekke.

Anbefalt lesnad om målretta beitebruk og regenerativt landbruk:

Nationen: Landbruk fra evighetens synsvinkel

Agropub: Evig grønne enger

Referanse: Drivhus i fjøset? Fjøs i drivhuset? Ja, hvorfor ikke!

 

 

Del denne artikkelen

Kontakt