Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Et sted i Norge: Rønningen gård, 750 moh.

Vingelen, Røros

Tekst: Helene Austvoll og Peter Møller
Foto: Åsmund Seip – Heia Folk

Det er noko som skjer inne i eit fjøs. Det er som om heile verda vert stengt ute. Lunt. Ein varme som berre dei kan gi i frå seg. Kyrne. Ute visar gradestokken blåfargen, og trass i enorm fascinasjon over snømassane som omringar garden, smiler vestlendingen i meg når vi lukker fjøsdøra, høyrer lyden frå flisfyringa, og kjenner varmen som sit i treveggane.

 

Kva er det som gir deg størst glede i det daglege med å drive gard her?

– Det å jobbe med naturen, både dyr og planter, å dyrke fram fôr til dyra, å ha nærkontakt med naturen og kjenne meg som ein del av den – det er nok det som gjer at eg trivst så godt med det.

I kor stor grad vil du seie at naturen rundt her har ei betyding for den driftsforma du har?

– Vi har ikkje så mange andre moglegheiter enn å drive med mjølk- og kjøtproduksjon her i fjellregionen. Det er litt marginalt for korn og andre vekstar når vi ligg 750 meter over havet. For oss blir grasvekstar viktigast, og vi har veldig gode beiteområder her.

Etter å ha tatt oss god tid inne i fjøset for å helse på kyrne og kalvane, blir vi med Embret inn i det gamle huset som har husa genera­sjonar. Kaffi, saft, heimerøyka lårtunge av elg og tyttebærflatbrød frå Rørosbaker’n kjem på bordet. Vi sit og lurar litt på korleis det er å bygge nytt fjøs og investere i mjølkerobot når vi på same tid høyrer debattane gå om nedlegging av landbruket og ei næring med utfordringar.

– Eg meiner det går to vegar i landbruket – nokon bygg ned og andre bygg opp. Samanlikna med korleis ting var før, då vi kanskje ikkje hadde så mykje val, har vi no større valfridom. Då er det naturleg at nokon held fram i næringa mens dei som ikkje trivst med det kan drive med noko anna. Slik som teknologien og politikken legg opp til no, må vi nesten vakse for å kunne drive lønsamt, anten vi likar det eller ei. For å kunne forsvare dei investeringane eg har gjort, med større fjøs og mjølkerobot, har eg også måtta auke talet på buskapen og mjølkemengda.

Så de tok eit aktivt val – å satse eller ikkje å satse?

– Eg har vel heile tida følt at å trappe ned har ikkje vore eit alternativ, og då blir jo alternativet å satse. Alt rundt deg utviklar seg vidare eller er i endring på eit eller anna vis. Skal ein henge med må ein vere villig til å endre seg, trur eg, ein eller annan veg. Du treng ikkje nødvendigvis bli større, men satse på spesielle kvalitetar eller vidareforedling. Å ha gardsysteri eller anna aktivitet er også ein veldig god måte å auke levebrødet på.

Motiverer kunnskapsauke og bruk av teknologi deg eller har du berre sett på det som nødvendig?

– Moderne teknologi er nyttig på mange måtar, både for å få til betre kvalitet og effektivitet. Det er nyttig og nødvendig, men også spennande med endring og utvikling. Vi prøvar å tilpasse bygningar og utstyr slik at det skal tilfredsstille dyra sine naturlege behov i mykje større grad enn vi kanskje har gjort ein periode tidligare. God dyrevelferd er jo eit viktig moment her. God velferd hos dyr gir også god røktarvelferd.

Det må vel vere enklare å få neste generasjon til å ta over gardsdrifta, med ein mjølkerobot og andre tilpassingar i drifta?

– Ja, eg vil tru det er meir aktuelt for dei unge. Det var jo litt av målet med å gjere dei investeringane no på tampen av min yrkeskarriere. Litt på tampen er kanskje å ta i, men eg ser føre meg at eg kan få hjelp av neste generasjon i løpet av nokre få år. Det har vorte for stort til å drive heilt på eigen hand uansett, så eg har ein del innleidd hjelp no.

Du driv aktiv seterdrift med ganske mange dyr? Kan du seie noko om kvifor?

– Den viktigaste grunnen til at vi driv seterdrifta er for å hauste ein ressurs på ein økonomisk rasjonell og bærekraftig måte. Kua hentar graset sjølv på jordet og i skogen, og sparar oss for den jobben og kostnaden. Vi har sjølvsagt kostnadar med å halde eit fjøs på setra og eit driftsapparat der som skal fungere. I kroner og øre er det litt vanskelig å setje reelle tal på det, men eg trur eg tener litt på å bruke setra. For å sikre at fleire held fram med å bruke setra, skulle eg gjerne sett at setertilskotet vart høgare – seterdrift er ein fin måte å bruke dei ressursane vi har og ta vare på kulturlandskapet.

For å kome til setra køyrer dei dyra med traktor­hengar, og når beitesesongen er over, går dei to og ein halv time heim til fjøset – då veit kyrne godt kor dei skal og har det gjerne så travelt at Embret og dei som går med dei slit med å henge med. Han fortel om ein sommar kor sjølve bjellekua sprang frå resten av flokken for å få nokre minutt aleine ved klømaskina! Seterdrift var nok desto vanlegare før i tida, til dømes då Embret tok over garden i 1989.

Viss du kunne reist tilbake til 1989 og gitt deg sjølv eit godt råd, er det eit råd du vil dele med oss?

– Eg har sjølvsagt gjort mykje opp gjennom åra som eg kunne gjort annleis, men det eg ikkje har angra på var at eg sto på målet mitt om å drive lausdriftsfjøs. Då det vart realisert i -94 følte eg det var ei stor betring og etterkvart kom interessa for den økologiske driftsmetoden. Eg gjekk på nokre kurs på midten av 90-talet, men det var ikkje før etableringa av Rørosmeieriet og utpå 2000-talet at vi kunne levere økologisk mjølk og få betalt for det. Rørosmeieriet har vore ein viktig pådrivar for å dra landbruksmiljøet i økologisk retning og ­ikkje minst å skape eit godt miljø for samarbeid kring matproduksjon og foredling i regionen.

Mens vi sit og høyrer Embret fortelje om kvar­dagen sin, minnast eg min eigen far som gjekk i fjøset lenge før vi andre hadde opna auga på morgonen, og gjekk siste runde for å sjå til dyra lenge etter leggetid. Det slår meg kor ulikt det er å drive mjølkeproduksjon med og utan mjølkerobot.

Kan du seie litt om endringa i kvardagen etter at de fekk robot?

– Eg har lagt bort vekkarklokka! Eg føler meg litt friare med tanke på tida. Så lenge eg veit det er nok fôr til dyra kan eg gå litt seinare i fjøset ein dag viss det er behov for det, utan å få dårleg samvit. Verda har utvikla seg, liva våre har gjort det same, og med mjølkerobot står ein mykje friare. Samstundes har jo mjølkeproduksjonen per ku gått ganske mykje opp etter dei flytta inn i robotfjøset, utan at eg brukar meir kraftfôr.

Er det noko i dette som du angrar på at du har gjort, eller val du har tatt? 

– Det går jo sikkert an å angre på at eg har satt meg gjeld på mange millionar, seier han og ler! – Gjelda gjer oss meir sårbare, men eg har ikkje angra på dei investeringane vi har gjort. Og eg har aldri angra på at eg gjekk over til økologisk drift. Utrekningar frå Tine visar at med meirpris for mjølk saman med lågare utgifter, til dømes fordi vi ikkje kjøper inn kunstgjødsel, gjer at eg, gitt at eg har nok fôr og dagens mjølkekvote, tener omkring 300 000 kroner meir per år enn eg ville gjort med konvensjonell drift. Viss eg skulle tent like mykje på konvensjonell produksjon, måtte eg antakelig ha auka kvota til 100 000 liter meir, kanskje også meir.

Det er noko med denne plassen Embret har sitt liv og virke – under sola, oppi fjellet – kor naturleg og openbart det er å måtte tilpasse drifta det lokale klimaet og ressursane.

– Det er jo ein del som har hevda at vi ikkje kan drive økologisk så høgt over havet, på grunn av manglande mogleg­heiter til å drive veks­tskifte. Men det er jo fleire av oss som har bevist at det går veldig fint. Eg dyrkar både erter, havre, raigras og andre artar i grønfôret, i tillegg til noko korn til krossing som eg har på eit jorde nede ved Glomma 500 moh. Det kan erstatte innkjøpt kraftfôr – det ønskjer vi å minimere bruken av så mykje vi kan. Både fordi det er langreist og kostbart. Grovfôret vårt er utan tvil mykje verdt!

Embret tenkjer på alt, har eg inntrykk av. Han fyrer med flis frå ein skog som var på veg til å gro igjen; bygger fjøs på same materiale; tek vare på kulturlandskap med seterdrifta; tek vare på seg sjølv ved å gjere investeringar som er godt for både buskap og røktar; og ikkje minst – han produserer mat! Det er all grunn til å vere stolt.

Er det noko som gjer deg spesielt stolt av det du driv med?

– Det er jo framføre alt at eg får produsere reine varer som nokon vil betale for, som er produsert på ein måte eg trur bevarer naturen og miljøet på ein litt betre måte – trur eg då. Det er jo også ei unik bygd vi bur i med eit veldig godt landbruksmiljø – det har det vore heile tida og det er det framleis. Eg er eigentleg stolt av å vere bonde her med så mange gode kollegaer.

Vi har eit slagord i Debio – «Fordi du bryr deg – om dyra, jorda og maten vi spiser». Det er ikkje tvil om at vi har møtt ein mann med få baktankar, men mange tankar bak. Før vi tek siste slurk av kaffien, og berre må ta ein til bit av den lårtunga, vil vi gjerne vite kvifor Embret bryr seg.

– Framføre alt er det jo levebrødet mitt. Eg er avhengig av at dyr og planter trivst viss eg skal få inntekter. Skal plantane trivast, må mikroorganismane i jorda trivast, og då trivst dei sikkert betre når dei unngår kunstgjødsel og sprøytemidla, trur eg. Jordpakking og sånn er dei heller ikkje glad i, det er eg sikker på. Eg bryr meg om miljøet vårt – både for oss sjølv og kommande generasjonar.

  • Rønningen gård ligg 750 meter over havet
  • Embret er inspira­sjonsbonde i Landbrukets Økoløft, eit samar­beids­prosjekt mellom landbruks­organisasjonane, økologiske foregangsfylker og Norsk landbruksrådgiving
  • La om garden til øko­logisk drift i 2002
  • Bygga nytt trefjøs med det gamle fjøset, med plass til 48 mjølkekyr og ny teknologi
  • Flisfyringsanlegget varmar opp fjøs og kontor, bolig, kårbolig og verksted, samt vatn til m.a. vask av mjølkerobot og mjølketank
  • Drikkevatn i fjøset varmast til 14 grader for å auke vassopptak hjå kua og dermed mjølkemengda med omkring ein litar utan at ho må ete meir fôr
  • Møkkaskraperobot gjer det tørt og trivelig for dyra
  • Kalvedrikkeautomat gir dei minste kalvane tilgong på mjølk heile døgnet

Del denne artikkelen

Kontakt