Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Ny merkeordning for grasbasert mjølk og kjøt

Debio har merka mat og utvikla økologien i over 30 år. Med utgangspunkt i sertifiseringsoppdrag og rettleiingstenesten Matvalget, ønskjer vi å bidra til å gjere heile det norske landbruket og matfatet meir berekraftig. Derfor lanserer vi i 2022 ei merkeordning for grasbasert mjølk- og kjøtproduksjon, og vi håper økobønder over det ganske land vil vere med og prøve den ut.

Tekst: Idun Bjerkvik Leinaas, leiar DebioInfo, basert på materiale levert til Debio frå Marie Konstad, forsker | Foto: Espen S. Seierstad / Debio

I snart fem år har Debio arbeidd saman med bønder, faglaga, marknadsaktørar og forskingsmiljø for å utvikle ei merkeordning for mjølk- og kjøtprodukt framstilte ved bruk av norske berekraftige råvarer.

Innovasjon Norge har bidratt økonomisk til prosjektet, og alle involverte aktørar har også brukt av eigne ressursar i utviklingsarbeidet. Ei bransjeeigd merkeordning som kan sørge for ei brei forankring i bransjen og dermed sikre rotfeste, spreiing og truverd for ordninga, har vore retningsgivande, men per i dag er dette ikkje avklart. Styret i Debio har likevel valgt å setje i gong merkeordninga. Ordninga vil i første omgong gjelde for dei med økologisk godkjenning, og saman med statsforvaltarane i Nordland og Troms og Finnmark, vil ordninga bli testa ut på utvalde konvensjonelle gardar. Debio sitt sertifiseringsteam, med støtte frå DebioInfo til kommunikasjons- og marknadsarbeidet, står no klare for å ta fatt på oppgåva.

Gjennom pilotperioden håper Debio å hauste røynsler med merkeordninga, og på sikt få på plass eit eigarskap til ordninga som gjer at eit merke for grasbasert produksjon skal vere tilgjengeleg for alle driftsformer i landbruket.

Eit viktig mål når vi no set i gong arbeidet er å tilby ei sertifiseringsordning der kostnadane er så låge som mogleg, men med eit praktisk og solid system i botnen. Debio utfører allereie tilsyn med dei som ønskjer å produsere og marknadsføre økologisk mat i Noreg, og er då allereie ute på årleg fysisk revisjon hjå verksemder. Debio har eit etablert fagsystem, og rutiner og prosedyrer som enkelt kan overførast. Å teste ut ordninga i denne marknaden er derfor eit naturleg steg å ta, fortel Ole Petter Bernhus, dagleg leiar i Debio.

Piloten har oppstart i 2022 og pilotperioden går ut 2023. Målet er at ordninga skal vidareførast etter pilotperioden, anten i samarbeid med bransjen, eller som ei kontrollordning lagt inn under organisasjonen Debio.

Bryr du deg om berekraftig mat, bryr du deg om kva dyra et 

Med den nye merkeordninga ønskjer Debio å bidra til at flest mogleg små- og storfehald i Noreg er baserte på norske ressursar. Dagens matsystem står overfor fleire utfordringer, mellom anna med tanke på fôrressursar. Etter lange periodar med fokus på rasjonelle, straumlinjeforma produksjonsformer i landbruket, viser klimaendringane eit behov for å tenke nytt og ikkje minst tenke meir sirkulært. Vi har rike naturressursar for matproduksjon,  trass i lite dyrkbar jord. I store deler av landet veks planter vi ikkje sjølve kan ete, men som husdyr lever godt av1. Husdyra trivst med gras, fôrkorn og biprodukt. Med riktig fôr, bidrar husdyr til auka matsikkerheit2.  Landbruk påverkar alltid naturen, men opphøyr av landbruk påverkar også natur. I Noreg er beitelandskapet viktig for oppretthalding av naturmangfald. Semi-naturleg eng og slåttemark er raudlista for naturtyper3, og ca. ein fjerdedel av dei trua artane er knytt til kulturmark4. Insekt og planter tilpassa skjøtsel med ljå eller beitande husdyr forsvinn med nedgongen i beitebruk.  Samtidig som norske beitelandskap gror igjen, vert regnskog i Brasil rydda, mellom anna for å gjere plass til beite for storfe og produksjon av fôr til husdyr rundt om i verda. Dette er ein trussel mot biomangfald på verdsbasis5. I Noreg er derimot den avtakande beitebruken eit miljøproblem.

Å nytte fôrressursane Noreg byr på er viktig for å auke sjølvforsyningsgraden i landbruket, og er også eit positivt klimabidrag. Kva dyra våre et, betyr noko for trivsel og dyrevelferd, det betyr noko for lommeboka til bonden, for kulturlandskap, lokale arbeidsplassar og ikkje minst for kvaliteten på produkta.

Fokuset på berekraftig matproduksjon er aukande hjå både forbrukarar, produsentar, forskarar og beslutningstakarar. Reduksjonen i forbruket av kjøtt er eit av områdene som utpeiker seg, og som får mykje plass i ytringane knytt til matforbruket vårt. Dyrevelferd er eit viktig tema, både for dyra, men også for bonden sitt omdømme. Å ete meir berekraftig inneber gjerne ein reduksjon av kjøtinntaket, og kjøtet bør stamme frå dyr som er tilpassa ressursane vi har tilgong til i Noreg. Storfe, ku, sau og geit er artar som alle er godt tilpassa  til både klima og beiteressursane i Noreg. Dette er dyrehald som gir oss mange ulike meieriprodukt og kjøttprodukt. Utrekningar frå NIBIO viser at 45 prosent av Noreg kan brukast til beite, men under halvparten av dette vert nytta i dag. Forsking viser at dyrehald basert på gras og grovfor har høgare del sunne fettsyrer6 med krav om 90-100 prosent gras i fôrrasjonane sikrar ein også dyra tilgang til naturlege beiteområder og aktivitet.

Forsking på området er relativt ung, og vi veit at klimaavtrykket er eit omdiskutert tema utan eit eintydig svar. Kor mykje karbon klarer eigentlig gras og beiteområder å binde opp, kva betyr beiteområder for kulturlandskapet og det lokale dyrelivet, kva betyr det eigentleg for jordlivet og jordstrukturen at dyra beiter og etterlet seg husdyrgjødsel? På nokre områder finst det god dokumentasjon, men det finst ikkje eit eintydig svar på alt. Meir og meir forsking peiker på behovet for å tenke sirkulært og lokalt, og at rikt jordliv har stor betydning for plante og dyreliv. Plante- og dyreliv som til slutt ender opp på folk sine middagsbord. Vår vurdering er at mat produsert på lokale og fornybare ressursar er betre for klima, enn fôr baserer på importert soya frå Brasil eller andre langreiste råvarer. Og beitebruk gir gode føresetnadar for å utøve naturleg åtferd hjå dyra.

Om gras som dyrefôr  

Gras er kanskje den største plantefamilien i verda, og berre i Noreg finst det om lag 160 artar, der timoteien kanskje er vår viktigaste fôrgrasart. Gras har nokre heilt fantastiske eigenskapar. Graset kan vekse nesten kor som helst, det har bra næringsinnhald, det har lang vekstsesong, tåler vinterklima, og kan bli lagra på ulike måtar til vinterfôr. Forsking utført av Nibio i 2018 trekk fram; «Litteraturanalysen viste at uten kraftfôr i rasjonen vil konsentrasjonen av fett og protein i mjølk reduseres, men andelen av ernæringsmessige gunstige fettsyrer (f.eks. C18:3n-3, og CLA) øker. Beiting har særlig positiv effekt på andelen av ernæringsmessige gunstige fettsyrer og reduserer samtidig de som regnes som ugunstige».7

Energiinnhaldet i gras kan variere frå rikare jord til områder med karrigare jord og kortare sesongar. Det finst produsentar som klarar å basere drifta si på 100 % gras i Noreg, men dette er ikkje eit val for alle. Derfor er det innan merkeordninga GRAS mogleg å supplere med inntil 10 % lokalprodusert kraftfôr som har høgare næringsinnhald, og som sikrar dyra nok næring. Dette kan vere spesielt aktuelt med kalvar og ved sjukdom. Kraftfôret skal vere norskprodusert på lokale ressursar, som korn og raps, og garantert fritt for soya. Ei 100 % gras- og grovfôrbasert besetning kan også ha sine utfordringar. Kraftfôr har høgt næringsinnhald og aukar produksjonen av mjølk og veksten til dyra. Så sjølv om gras har ein positiv effekt på ernæringsmessige gunstige fettsyrer, viser forsking at ytelinga går ned.

«Scenarioanalysen viste at produksjonen helt uten kraftfôr er om lag 5500-6500 kg, mellom 22 og 26 % lavere enn fôring opp mot produksjonspotensialet, og mellom 12 og 16% lavere dersom en gir kraftfôr i innefôringstida og ingen kraftfôr i beitetida»8

Garantert grasbasert – meld di interesse i dag!

Vi treng at husdyra et planter vi ikkje sjølve kan hente næring frå. Merkeordninga ‘Grasbasert mjølk og kjøt’ gir alle som er einige i dette moglegheita til å velje mjølk og kjøt basert på norske gras- og beiteressursar. Vi ønskjer å gjere det enklare for deg som bonde å kommunisere produktkvalitetar, og enklare for forbrukar å finne fram til produkta. At Debio, som ein uavhengig tredjepart, gjennomfører sertifiseringa for deg som bonde, sikrar transparente prosessar, og full sporbarheit for kvar produktet kjem frå. Den årlege eingongskostnaden for å vere med i ordninga vil vere 4200,- + 100,- i administrasjonsgebyr. Det er inga grunnavgift eller innmeldingavgift i pilotperioden, og beløpet er basert på at verksemda allereie får besøk av Debio for ei økologigodkjenning. Gebyret dekker alle kostnadar med kontrollordninga. For dei som deltar i prosjektet med Statsforvalteren i Nordland og Troms og Finnmark gjeld eigne vilkår. For meir informasjon sjå faktaboks

Debio nyttar høvet til å takke alle bidragsytarar som har vore med i dette arbeidet og bidratt til at vi no kan presentere eit solid fagleg og velgrunna produkt. Er du interessert i å delta i ordninga, ta gjerne kontakt med oss i Debio på e-post. Oss snakkast!

Les meir om gjødsel, gras, kulturlandskap og forsking:  

Kulturlandskapet (Sabima)

Grovfôr og klima (NIBIO)

Økologisk fôr (NIBIO)

NORSØK-rapport nr. 9/2020

NIBIO-rapport 2018-4-96

Landbrukets klimapåvirkning (Agropub)

Utslipp av klimagasser i landbruket (Agropub)

Ekofakta

Landbrukets klimakalkulator

Ensileringas ABC

Fakta om fôr 

☞ Over halvparten av kraftfôr solgt i Noreg i 2020 var kraftfôr til drøvtyggarar 9

☞ 39 prosent av råvarer (tonn) brukt i kraftfôrproduksjon var importert i 2020 10

☞ Det vart i 2020 importert 165 tusen tonn soyamel til bruk i kraftfôr 11

☞ Delen soya er lågare i kraftfôret til storfe og sau enn til svin og fjørfe 12 

☞ Grovfôrandelen i rasjonen til norske drøvtyggarar varierer frå 55 prosent (mjølkekyr) til 93 prosent (ammekyr) 13

Forprosjekt Grasfora i Nord-Noreg

Nordland Bonde- og Småbrukarlag har tatt initiativ til eit forprosjekt der det nye merket Grasbasert vert forsøkt på konvensjonelle gardsbruk i Nord-Noreg. Forprosjektet er støtta av Arktiske midlar hjå Statsforvaltaren i Nord-Norge, og av Nordland Fylkeskommune.

Nordland, Troms og Finnmark har store gras- og beiteressursar. Hovudmålet i forprosjektet er å ta i bruk merkeordninga «Grasbasert» på husdyrbruk i Nord-Noreg som ein metode for å auke verdiskapinga i landbruket i landsdelen.

Auka bruk av gras og beiteressursar er nemnd i fleire plan- og strategidokument i nord. Eitt av delmåla er derfor å skape større merksemd om lokale innsatsfaktorar som beite- og grasressursar, og formidle verdien av dette.

Økologiske gardsbruk er ofte spydspissar innan bruk av lokale ressursar. Prosjektet skal derfor byggje nettverk mellom dei økologiske og konvensjonelle husdyrbruka for formidling av røynsler, auka kunnskapsbygging og framtidig utviklingsarbeid på området.

I forprosjektet ligg finansiering av førstegangsregistrering til Grasbasert-merket ved bruk av Debio-revisor hjå dei konvensjonelle gardane, med ein liten eigendel. Det er også lagt inn eit tilskot til dei økologiske gardsbruka som vil delta i nettverket.

Bonde- og Småbrukarlaget får tilbakemelding frå medlemmar om at kostnadane ved merkebruk er store for mindre produsentar. Dei vil derfor søke opplysningar gjennom prosjektet om det er mogleg å redusere kostnadar for merkebrukarane. Arbeidet som pågår i Digifood-prosjektet er interessant. Dei vil sjå på om ei sterkare kopling mellom KSL og slakteri kan vere grunnlag for å dokumentere Grasbasert.

Hovudmålet er auka verdiskaping på gardane. Det skal derfor gjerast eit arbeid med å avklare kva som er naudsyne tiltak i verdikjeda for at Grasfora-merket skal gje meirverdi i primærlandbruket. Gjennom samtalar med alle ledd i verdikjeden skal ein søke å innhente opplysningar om kommunikasjon av verdiar, distribusjonssystem og vareliner som kan passe produktet.

Forprosjektet skal avsluttast sommaren 2022, og rapporten vil danne grunnlag for ein eventuell søknad om eit hovudprosjekt.

Kontaktperson for prosjektet er Astrid T. Olsen.

Referanser

1

Rekdal, Y. (2016) Norge – et utmarksland

2

Van Zanten, H. H. E., Van Ittersum, M. K. og De Boer, I. J. M. (2019)  The role of farm animals in a circular food system Global Food Security vol. 21

3

Hovstad, K. A., Johansen L., Arnesen, A., Svalheim, E. og Velle, L. G. (2018). Semi-naturlig eng, Semi-naturlig. Norsk rødliste for naturtyper 2018. Artsdatabanken, Trondheim.

4

Artsdatabanken (2015) Hvor finnes de truete artene?

5

Berggrav, K. (2019) Hogst og avskoging er en hovedårsak til artsutryddelse

6

Davis, H., Butler G. and Magistrali, A. (2020): Better nutritional quality in milk and meat. SusCatt technical note 2.4.1 / 3.1.2.

7 og 8

Steffen A. Adler, Martha Ebbesvik, Sissel Hansen, Rune Granås, Anitra Lindås, Håvard Steinshamn (2018) Økologisk mjølkeproduksjon uten kraftfôr

9

Landbruksdirektoratet (2021) Kraftfôrstatistikk

10, 12 og 13

Nysted, T. E. m.fl. (2020) Hva spiser norske husdyr – egentlig? I: Kjøttets tilstand 2020. Status i norsk kjøtt- og eggproduksjon

11

Schärer, J. (2018) Stort avlingspotensial i graslandet Norge

Del denne artikkelen

Kontakt