Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Vi lyt nok parkere plogen, men ikkje i natt

Tekst: Idun Leinaas, etter samtale mellom Hellek Berge, Nat Mead og Ragna Kronstad

Stadig meir kunnskap vert sendt ut til bonden frå forskarane sine kontor, men fleire bønder driv også sjølve eit kontinuerleg forskingsarbeid ute på jordet. Med utgangspunkt i økologisk landbruk, jordhelse og jordbiologi, inviterte vi tre drivande dyktige bønder og formidlarar til samtale i -veksthuset på Gartneriet på Bygdø Kongsgård.

Ragna Kronstad, besøksgardstyrar på Sørli besøksgård i Oslo, intervjua to bønder som held til på kvar sin kant av landet: Nat Mead, vismann for økonysgjerrige skuleelevar og lærar på Sogn Jord- og Hagebruksskule, og Hellek Berge, bonde i Sauherad i Telemark og inspirasjonsbonde i Landbrukets Økoløft. Under gir vi deg eit innblikk i denne samtalen, og kva Nat og Hellek jobbar med på jordet i sin kvardag.

RK: Kva er jord og kva skjer i jorda?

NM: I læreboka står det at jord er lausmassen som er under føtene våre. Men det er noko meir enn det. Jord er biologisk og noko levande også. Jorda får si næring frå planter, og utan planter vil vi ikkje ha fruktbar jord. Utan planter ville vi ikkje hatt husdyr, og utan husdyr og planter ville vi ikkje hatt mat på bordet. Jord er ei samanblanding av steingrunn som er blanda med organisk materiale, og det er balansen mellom forvitra stein og det organiske materialet som blir til jord. Vi har mange ulike jordtypar, og desse er ofte basert på partikkelstorleik. Først har ein grunnmassen (altså: lausmassen under føtene våre), eller meir nøyaktig; grunnfjellet, som er opphavet for dei mineralene vi har, som har kome ned med breføring, elveføring, havavleiringar og elveavleiringar. Desse ulike partikkelstorleikane gir oss ulike omgrep som vi bruker for å forklare ulike jordtypar; leirjord, siltjord,  sandjord, morenejord.

RK: Kor mange organismar lev i jorda?

NM: Det er det ingen som veit. Vi kan berre noko om rundt 1 prosent av det som er i jorda. Men vi veit at organismane er der, og vi veit at vi har mykje å lære. Vi får starte der!

RK: Generelt kan vi vel seie at vi veit at meitemarken er bra, men det finst ein haug med andre arbeidarar i jorda. Nematodar, midd, spretthaler, sopper; eit heilt nettverk av fantastisk liv openberrar seg i labben. Alle jobbar der nede i jorda, men kva gjer dei eigentleg?

HB: Det er plantene som gir mikroorganismane mat. Fruktbar jord og planter er eitt, du kan ikkje ha fruktbar jord utan å ha planter, og du kan ikkje ha planter utan jord. Plantene er solcellene kan du seie, dei fangar sollys og gjer det om til karbonforbindelsar i planta gjennom fotosyntesen, og bruker ein del av dette karbonet til å utvide sin eigen kropp, både over og under jorda. Rundt 30 prosent av karbonet blir sveitta ut gjennom røtene til planta, og er mat for mikrolivet. Det gjer dei då for at mikrolivet skal kunne gi tilbake næringsstoff som planta treng for å leve og vekse. Både store næringsstoff som dei treng mykje av; nitrogen, fosfor og kalium, men også mikronæringsstoffa som plantene treng for å vere sunne. Det er rett og slett eit enormt komplekst samarbeid. Derfor er det viktig å ha grøne planter på jorda heile tida slik at mikrolivet vert haldt i gong.

RK: Om lag 5 prosent av jordbruksarealet i Noreg er økologisk. Mesteparten av jordbruket drivast då med kunstgjødsel. Vi skal mate jorda, og samtidig skal vi oppretthalde livet i jorda og gi næring til plantene. Treng vi kunstgjødsel for å «booste» plantene?

HB: Du treng kunstgjødsel om det er lite liv i jorda, og vi treng kunstgjødsel om vi skal drive «business as usual» framover. Mykje tydar på at vi må tenke litt nytt. At det er lite liv i jorda kjem frå at vi har behandla jorda mindre godt dei siste 70 åra. Spesialisering i jordbruket, med reine husdyrgardar og reine korngardar, gir ei skeiv fordeling av mangfaldet, og spesielt på kornjorda, der du har behov for regelmessig pløying. Mekanisk forstyrring av jorda ved pløying er kanskje det mest øydeleggande for jorda.

Men kunstgjødsla er også med på å bryte ned organisk materiale. Det spesielle med kunstgjødsla er at den er uorganisk, det vil seie at det ikkje følgjer karbon saman med nitrogenet. Husdyrgjødsla er organisk, som vil seie at det følgjer karbon saman med nitrogenet. I naturen kan du ikkje skilje nitrogen og karbon frå kvarandre i ein biologisk prosess. Når du då bruker gjødsel som ikkje har karbon med seg, må den hente karbon frå ein annan plass for å greie å flytte på seg. Då bruker ein karbonet som er tilgjengeleg i jorda frå før. Har du sterk gjødsling, og ikkje får så stor avling, har du stort overskot av nitrogen i jorda. Nitrogenet vil då ete opp mykje av det organiske materialet når den ikkje har nokon plass å gå eller planter som lev over.

I tillegg er kunstgjødsel ekstremt energikrevjande å produsere, det er jo eit co2-utslepp som ikkje hamnar innan landbrukssektoren, men i industrisektoren. For å produsere 1 kg nitrogen vert det slept ut like mange co2-ekvivalenter som det er å brenne om 1,3 liter diesel. Eg har mange naboar som gjødsler opp mot 20 kg nitrogen pr. dekar for å få matkveite. Det svarar til 26 liter diesel i utslepp. Det er enorme tal. Bruken av kunstgjødsel er elefanten i rommet i landbruket; produksjonen av innsatsmiddelet havnar i ein annan sektor enn der den opphaveleg høyrer heime. Skal landbruket vere ein del av løysinga på klimautfordringane må vi starte med å sjå det heile i samanheng.

Hellek Berge

RK: Du Hellek har drive som kornbonde i 30 år; i 20 år konvensjonelt og 10 år som økologisk, kva var det som dreiv deg mot omlegging?

HB: Ei av hovudorsakane til at eg la om var at kunstgjødsla vart så dyr i 2008. Eg hugsar første gong eg sådde havre, utan å legge gjødsel saman med havren. Eg vakna på natta, og tenkte: «nei! Kva har eg gjort? Eg kjem til å bli til latter for heile bygda.» Men det gjekk bra! Det har vore ei stor omlegging i hovudet å legge om til økologisk drift. Eg gjekk ned på tilført nitrogen pr. dekar pr. år, og brukte ca. 90 prosent mindre tilført nitrogen enn i konvensjonell drift. Trass dette er eg overraska over kor mykje eg får til å produsere. Eg kjem ikkje opp i same avlingsnivå som før, men eg har 80 prosent av snittavlingane på havre med berre 20 prosent av tilført nitrogen.

Finn du ein bil som held 80 prosent av farten, med berre 20 prosent av bensinen, er jo det veldig svært. For meg som skal kjøpe mesteparten av nitrogenet, sparer eg jo pengar. I tillegg blir det mindre totalt co2-utslepp på grunn av at eg bruker mindre nitrogen, og det blirmindre avrenning til vassdrag. Det er jo også eit kjempestort problem. 40 prosent av nitrogenet vi spreiar på jorda hamnar andre stadar enn i avlinga. Noko blir bunde i jorda, noko reiser opp i lufta, og ein stor del havnar ut i vassdraga.

RK: Det finst heldigvis nokre nerdar blant oss. De driv på i gruppa «Jordkarbon – erfaringer og diskusjon», på Facebook. Eg såg eit innlegg du hadde delt der, Hellek, kor du viste elva på heimplassen din, før og etter eit regnskyll.

HB: Eg har kontor tett inn på elva. Etter eit kraftig regnskyll ein ettermiddag vart den elles klåre elva grumsete og brun; dette er avrenningar frå jordbruket. Etter jordarbeiding hamnar veldig mykje jord i elva, og mykje næringsstoff følgjer med. Orsaka til dette er ikkje det kraftige regnet i seg sjølv, men at landbruksjorda har mista sin infiltrasjonsevne; evna til å trekke vatn inn og ned i seg på grunn av jordarbeiding over tid. Kanskje har også manglande plantedekke litt av skulda? Når jorda er heilt knust og most på toppen blir det tett. Då renn jorda av, og den tar også med seg næringsstoff ut i elva.

RK: I Bondesongen syng vi «Der er moderstyrken / først bak plogen gror». Plogen har vore sett på som eit heilag verktøy. No vert vi bede om å parkere plogen, og det er ikkje småtteri! Kva har skjedd dei siste åra?

NM: Vi må nok parkere plogen, men ikkje i natt. Det er ein samanheng mellom kunnskap og erfaring, og vi må sjå på kva som er praktisk og økonomisk mogleg å gjennomføre for ein bonde. Vi veit at når vi pløyer jorda, snur vi jordbiologien på hovudet. Nypløgd jord aukar mineraliseringa, og skaper gode forhold for pionerplanter i den økologisk suksesjonen å trivast, til dømes kveke, høymole, vassarve og linbendel. I tillegg er nypløgd mark utsett for mange påkjenningar ved at den er først pløgd, så slodda, harva, ofte steinplukka og harva ein gong til og så sådd og tromla. Dette er eit slags hærverk av jordlivet – eit liv som, særleg i økologisk landbruk, er naudsynt for næringskretsløpet mellom jorda og kulturvekstane.  Dette utsett jorda for pakkeskade og anaerobe forhold som igjen skapar gode forhold for plantesjukdomar. Det er sagt at denne type jordarbeiding nullstiller jorda tilbake til eit sterkt bakteriedominert mikroliv. Nokre kulturplanter trivast her, dei som har svært kort utviklingstid, men dei fleste ynskjer eit jordmiljø med større artsrikdom der bakteriar og soppliv er meir i balanse. Med redusert jordarbeiding, og mindre påfølgjande jordpakking, vil denne balansen takast betre vare på. Samtidig vil det forbetre mange jordeigeskapar som, til dømes evnen til å danne humus og infiltrasjonsevne som Hellek nemnde; jorda si evne til å absorbere vatn frå kraftig regnskyll.

Om vi skal «parkere» plogen vil eg være forsiktig med å seie, men eg vil råde at framtidas agroteknologi og praksis må utviklast i den retninga.

HB: Mange konvensjonelle bønder slepp jordarbeiding ved å bruke Glyfosat for å ta ugraset. Kva som er best for mikrolivet i jorda skal ikkje eg uttale meg skråsikkert om.

I Aurland har dei ikkje slutta å bruke plog. Men det dei har gjort er at dei har lært mykje om kva som skjer med jorda og livet i jorda når ein pløyer. På skulen er dei i gong med å prøve seg på overflatekompostering. Det er ikkje jordarbeidingsfritt, men når dei fornyar eng, eller går frå eng til ein annan kultur, korn eller grønsaker, bruker dei ein type fres som kutter plantene av om lag 1-2 cm under jordoverflaten. Dei kuttar av rotforbindelsen til planten, utan å forstyrre dei ulike biologiske sjikta i jorda. Dette fører til at dei må nytte ein annan type såmaskin, ei maskin som kutter gjennom og sår. Å gå over til å nytte andre metodar i arbeidet med jorda krev ny tenking, ny logistikk, og det tar tid.

Snakkar ein om landbruket som ein del av løysinga på klimautfordringane dukkar ordet regenerativt jordbruk opp. Regenerativt jordbruk handlar om å gje fruktbarheita tilbake til jorda, med mindre jordarbeiding, i tillegg til overflatekompostering. Den ferske rapporten frå NIBIO om moglegheiter og utfordringar med auka karbonbinding i jordbruksjord viser til dekkvekstar som ein del av løysinga. Dekkvekstane fangar fotosyntesen og sender karbon ned i jorda. Dette gir betre beskyttelse mot plantesjukdomar og insekt, og bidrar då til å auka avlingane.

«Regenerativt jordbruk handlar om å maksimere gratishjelpa frå naturen. Det er ei viktig drivkraft for meg å få ei billigast mogleg avling. »

– Hellek Berge

HB: Regenerativt jordbruk handlar om å maksimere gratishjelpa frå naturen. Det er ei viktig drivkraft for meg å få til ei billigast mogleg avling. Vi må tene pengar i jordbruket, det går ikkje an å drive med jordbruk av idealisme.

RK: Det er kanskje feil å kalle dette fokuset på jorda som vi ser no for ein revolusjon. Men kvifor har alt dette nye kome – kva har skjedd sidan fleire og fleire er interessert i jordbiologi og jordhelse? Kvifor snakkar vi om regenerativt landbruk?

HB: I gamle dagar tok menneskja omsyn til jorda. I den siste tida har vi kanskje lena oss for mykje til teknologien som vi forventar skal fremje biologien i jorda. Det er ein veldig sementert tankegong i dagens samfunn; om berre menneskja har kontroll på alle faktorane, så blir det bra. Ein slik tankegong kostar pengar, og det har ofte biverknader. Regenerativt landbruk handlar om å få biologien til å gjere mesteparten av jobben. Vi trur på at naturen og biologien kan ordne seg sjølv.

NM: Eg har arbeidd med dette i 40 år. Tankane er her, og dei har vore her, men dei oppdagast på ny. Les ein tekstane frå pionerane innan økologisk og biodynamisk jordbruk, ser vi at dei snakka om mykorrhiza allereie ved århundreskiftet 18-1900. Dei siste åra har det vore mange bra initiativ frå både Norsk Landbruksrådgiving og norsøk. Nokre har nok høyrt om VitalAnalyse og initiativ med Martin Beck om jordfruktbarheitskurs. Gamle idear vert sett i eit internasjonalt miljø. Vi har mykje å lære frå andre land, og ved hjelp av sosiale media spreier bodskapar og idear seg raskt. Dette gjer at endringane i dag kjem raskare enn tidlegare. Det er kanskje dette som er det ordentlege landbruket, i ein industrialisert versjon, med menneskjer, moderne metodar og teknologi. Vi tar fortida med inn i framtida.

 

VÅR dag

Kvart år, mot slutten av våren og så vidt på veg inn i sommaren, møtast medlemsorganisasjonane i Debio, gode samarbeidspartnarar, styret og alle tilsette i Debio til VÅR dag på Gartneriet på Bygdø Kongsgård.

Der skjer det alt frå filmvising til smørristing og potetløp, og sjølvsagt er det servering av bærekraftige måltider og god drikke. VÅR dag står for Debios samarbeidsverdiar vilje, åpenhet og raushet. I tillegg er det alltid vår på desse dagane, og det er vår felles dag. Samtalen i veksthuset var ein del av programmet på årets VÅR dag 5. juni 2019.

 

Å vende eller ikke vende, det er spørsmålet

Hva er den beste måten å dyrke mat på? Forskerne vender blikket ned og finner løsninger i jorda. Elise Matilde Malik, daglig leder ved forskningsstiftelsen KORE, skriver om forskning på jord.

Del denne artikkelen

Kontakt