Foredrag og undervisning
Debio tilbyr og formidler ei rekke foredrag og undervisningsmoduler innan fleire fagområder. Tilsette i Debio har innsikt, kunnskap og erfaring innan fleire tema som vi gledelig deler med deg.
Debio tilbyr foredrag og undervisning for verksemder og organisasjonar, samt elevar i vidaregåande skule, høgskule og universitet. Våre tilsette har kunnskap, erfaring og engasjement knytt til mellom anna økologisk og bærekraftig landbruk, akvakultur, fiske og fangst, bærekraftige menyar, omsettings- og marknadssituasjonen for økologiske og bærekraftige produkt i Noreg og utland.
Tema vi har kompetanse og kunnskap innan:
- berekraftig økologisk landbruk – også i eit økonomisk perspektiv
- krinsløpsjordbruk og krinsløpssamfunn
- økologisk produksjon og omsetting
- økologisk landbruk
- økologisk fiske og fangst
- regelverket for økologiske produksjonar
- Debio sine merkeordningar
- dyrevelferd innan økologiske og bærekraftige produksjonar
- bærekraftig fiske og fangst
- andre tema du meiner Debio kan bidra med
Pris:
Eit standard foredrag på 45 minutt kostar kr 3600. Reise, kost og losji kjem i tillegg.
Vi har spesielle tilbod for våre medlemsorganisasjonar. Er din organisasjon medlem i Debio, ta kontakt med oss for eit tilbod. Sjå oversikt over medlemmar i Debio her.
Ønskjer du andre spesialtilpassa opplegg, ta kontakt med DebioInfo.