Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Daniel Fedøy – om dyrking av tare og bygda

Tekst: Helene Austvoll, Ole Petter Bernhus
Foto: Åsmund Seip / Heia Folk

Daniel har vore fiskar i mange år. Ei stund budde han i Bergen og tente godt, men i følgje han sjølv kjeda han seg i hjel! Eit gammalt fiskemottak som låg ute for sal, og ein draum om å skape sin eigen arbeidsplass, fekk Daniel til å flytte heim. Han fortel ei historie om papirarbeid og konsesjonssøknadar, men også om å skape håp og energi i eit lokalsamfunn. Ikkje berre om å dyrke tare, men å framdyrke bygda og vere ein del av ei ny og veksande grøn næring.

 

Kva undrar du deg over kaffikoppen på morgonen?

Daniel Eg har undra meg mykje over kvifor det har vore så vanskelig å få lov til å starte opp. Vi las for ei stund sidan i alle aviser «no kjem det grøne skiftet», og at det no skulle satsast på nye næringar, men då vi søkte om konsesjon fekk vi avslag frå Miljøvernavdelinga. Det er stor avstand mellom Oslo-politikken og det som skjer her ute, og mellom kunnskapen i næringa og forvaltninga. Eit døme på det er då vi fekk utvida konsesjonen sist gong, kom det med krav om botnprøvar. Dette til trass for at vi ikkje slepp ut noko fôr. Taren reinskar helst opp botn.

Viss du hadde fått besøk av mat- og landbruksministeren, kva ville du at han skulle hjelpe deg med?

Daniel Å få til kommunikasjon mellom Stortinget og fylkeskommunen, slik at det grøne skiftet og politikken som høyrer med blir ein realitet også her.

Å vere open og ærleg er viktige verdiar i Debio. Vi veit at mykje lærdom kjem frå å prøve og feile. Kan du tenkje deg å dele med oss kva din viktigaste lærdom har vore?

Daniel Det er nok det at vi byrja litt i feil ende, og ikkje tok kontroll på heile verdikjeda. I starten var vi tre partar, med eit firma som skulle lage stiklingar; vi skulle dyrke og ta på land, og eit firma skulle stå for omsetjinga. Etter kvart såg vi at vi måtte ta kontroll over alle ledd. Det var eit dugnadsprosjekt dei første tre åra, og vi lærte utruleg mykje. Vi hadde jo ein del erfaring frå trål og notreiskap. Dei toler enorme krefter, og vi trudde vi hadde god greie på det. Men det er stor forskjell på eit fiskebruk som står ute tre dagar, og dette som står ute 365 dagar under ekstreme påkjenningar frå sjøen. Eg er jo sjømann og trudde eg kunne knyte, men det hendte i starten at alt losna etter eit par veker!

«Viss du startar noko nytt her ute roper alle hurra. Her finst ikkje janteloven. »

– Daniel

Kva råd vil du gi til nokon andre som startar det same i dag?

Daniel Vi får jo ein god del spørsmål frå nye i næringa, og noko vi har gjort er å etablere eit taredyrkarnettverk. Det handlar om å kommunisere med kvarandre og ikkje tru du skal vinne heile næringa aleine. Det er utruleg viktig å samarbeide, og at du tek tida det treng med føtene planta på jorda. Samarbeid gjer at ein løftar kvarandre og næringa.

Viss du nokon gong opplev uro og bekymring knytt til verksemda di, kva dreier det seg om?

Daniel Konsensjonar og det å kunne dyrke fram eigne stiklingar har vore viktige tema den tida vi har haldt på. Vi fekk til konsesjonane til slutt, men det har tatt tid. No har vi fått på plass eit såpass stort areal at det kan bli lønsamt – avhengig av marknaden sjølvsagt. For omsetjinga sin del har det vore utruleg viktig for Seaweed å få den Debio-godkjenninga. Elles hadde vi ikkje fått seld til Nordisk tang – der er spørsmål nummer ein om produksjonen er økologisk godkjent.

Lukke er eit omgrep det kanskje er vanskelig å setje ord på, men finst det augneblink i løpet av ein arbeidsdag kor alt gir meining for deg?

Daniel Det synst eg absolutt. Særskilt all merksemda og goodwillen. Viss du startar noko nytt her ute roper alle hurra. Her finst ikkje janteloven. Dette er utruleg artig å drive på med, og vi får masse telefonar frå alle moglege som er interesserte. Det er noko nyskapande – det gir aldeles meining.

Kva går gjennom hovudet ditt når du er på veg heim etter ein lang arbeidsdag?

Daniel Eg kjenner meg glad dei dagane kor alt går fint med haustinga og i pakkeriet, og eg ikkje er så sliten at eg ikkje klarar å gå heim. Det er mykje som ikkje har gått bra, men ein lyt fokusere på alt som går bra. Eg tenkjer ofte at alle andre får det til, men viss eg ringer rundt får eg høyre at dei har ikkje kome eit steg lengre dei heller – så alle møter jo på dei same utfordringane. Det er godt å vite.

«Eg tenkjer ofte at alle andre får det til, men viss eg ringer rundt får eg høyre at dei har ikkje kome eit steg lengre dei heller – så alle møter jo på dei same utfordringane. Det er godt å vite.»

– Daniel

Gode historier

Vi i Debio er gjennom hele året ute på besøk hos mange ulike virksomheter. På våre reiser mellom fiskebåter på Vestfjorden, kornbønder på Byneset og saueprodusenter på Jæren, møter vi flotte mennesker med et stort engasjement for dyra, naturen og maten vi spiser – gode verdier som både fascinerer og inspirerer oss. I Debio tror vi på åpenhet og deling av kunnskap, derfor formidler historier om noen av de vi møter på vår vei, historier om menneskene som står midt i det, om hvorfor de gjør som de gjør og hvordan vi alle kan lære og løfte hverandre videre. Historiene finner du i magasinet «Fordi du bryr deg«.

Del denne artikkelen

Kontakt