Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Leiar: Medan graset gror, døyr kua

Denne utgåva av Debio sitt magasin er via dei som grev, leitar, forskar, steiker og skriv maten fram. Menneskje som engasjerer seg i dei store spørsmåla, og som arbeider med jord, dyr, natur og mat. I dag opplever dei aller fleste både ein geografisk, sosial og kulturell avstand til landbruket og maten. Dette bidrar til at vi ofte ikkje tar dei vala som er til det beste for eigen, dyra eller jorda si helse. Makta over maten og jorda er konsentrert, trass i at mange enkeltpersoner engasjerer seg sterkt i samtalen om maten Det offentlege ordskiftet i dag lir stadig under sektorinndelte diskusjonar og for stor vilje til å berre preike eigne interesser framfor å lytte til andre.

Før sommaren gjorde Matprisen eit forsøk på å skape ein opnare samtale om maten, med ulike stemmer frå ulike fagfelt. Matsymposium vart lansert, og små drypp frå denne tilstellinga finn du presentert i magasinet. I forlenginga av ei tverrfagleg tilnærming har vi intervjua Marianne Elisabeth Lien, professor ved Sosialantropologisk Institutt ved Universitetet i Oslo. Lien gir oss nokre perspektiv på kva som trengst for å finne fram til robuste løysingar for den norske matproduksjonen. Vi har 3 prosent dyrkbar mark, men det er ikke på grunn av de 3 prosentene alene vi har overlevd i Norge. Det er de 97 prosentene og bruken av utmarka som har gjort det mulig å produsere mat på norske ressurser, framhever Lien. Dette er viktige perspektiv i samtalen om auka sjølvforsyning, her treng vi å ta fleire reiskapar i bruk, men naturen bør få legge premissa.

Du møter også Debio sin nye daglege leiar; Johan Henrik Frøstrup. Frøstrup starta i jobben i Debio 1. oktober, og har allereie sett i gong spennande endringar i organisasjonen. Med hans ønskje om å gjere økologisk mat og landbruk meir tilgjengeleg, har Debio mange moglegheiter for å gå opp nye vegar. Grete Lene Serikstad ved norsøk uttrykker i vår prat med henne at mykje av den spydspissfunksjonen økologisk landbruk har, og over tid har hatt, blir underkommunisert. Økologisk landbruk vert nemleg rekna som ein spydspiss for landbruket som heilskap, og å sikre at økolandbruket og økobonden får ta del i denne samtalen, blir ei viktig oppgåve for Debio i tida framover. Debio forvaltar Ø-merket, ei offentleg miljømerking basert på ei tredjepartssertifisering, som går føre seg uhilda av produsent og omsettar. Merket er godt kjent og har høg tillit hjå forbrukaren, og dette skal vi halde ved like, og auke.

Vi kan også lese om marknadssituasjonen for økologiske landbruksvarer i Noreg, Sverige og Danmark. Landa har gripe om økologien på ulikt vis politisk, og dette gir utslag på fleire område. Noreg ligg langt etter på økologiforbruket, og det er tydeleg at det norske talgrunnlaget for omsetting av økologiske varer er mangelfullt. Dette gjer det også vanskeleg å setje realistiske måltal og gjere dagens norske innkjøpspraksis grønare. Det offentlege, som eig mange storkjøken, kan påverke kosthaldsvanar og forbrukarpreferansar mot meir miljøvenleg og helsefremjande val. Matvalget rettleier og gjer det enklare for nettopp offentlege aktørar å få til økologi, miljø- og helsefremjande måltid i tråd med kostråd og retningsliner frå det offentlege. I Jakten på den forsvunne økopoteten følgjer vi Matvalget si jakt på den økologiske poteta i Viken. Her får vi innblikk i flaskehalsane for basisvara økopotet, ei vare som kunne bidratt til stabile innkjøpsvolum, både for bonde og grossist. Denne historia endar godt, men viser at tida er moden for å handle. Dei økologiske varene som vert produserte her må kome fram til kjøkenbenken og opp i grytene.

 

13. november gjekk den tiande Matprisen av stabelen på Sentralen i Oslo. Gjennom ti prisutdelingar har Matprisen samla heile næringskjeden i matbransjen med utgangspunkt i tematikkar knytte til berekraft og økologi, og vist fram enkeltmenneskje og verksemder som bryr seg. Alle bidrar til grønare innkjøpspraksis, og til at det vert servert fleire berekraftige måltid. Også i år har mangfaldet av kandidatar vore stort, og den uavhengige juryen har vurdert i overkant av 160 innsende forslag. Vi nyttar anledninga til å gratulerer alle vinnarar og nominerte i år, og også dei føregåande åra. Utan dykk – eit mindre mangfaldig matfat her til lands.

God lesing!

Venleg helsing Idun
leiar – DebioInfo

DebioInfo er eigd av organisasjonen Debio, og jobbar med formidling, informasjon og marknads-aktivitetar knyttet til økologiske og berekraftige matsystem. DebioInfo har spisskompetanse på -arrangement, og sel tekst- film- og fotoprod-uk-sjonar til andre. DebioInfo produserer magasinet du held i hendene.

Del denne artikkelen

Kontakt