Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Villsau i kystlyngheiene

Bilete på framsida er henta frå Villsauliv
Tekst: Helene Austvoll, Ole Petter Bernhus

Foto: Åsmund Seip / Heia Folk

Hilde Buer og Anders Braanaas omtaler seg sjølv som stadig optimistiske villsaubønder. Når havet og vinden viser seg frå si kraftige side, kan nok det stemme. Mellom 350-400 sauar over vinteren, og 230 lam om sommaren, beiter og boltrar seg i dei frodige kystlyngheiene. I dette landskapet er det lett å finne lukka for dei ullkledde dyra, og då skulle ein tru at også bøndene kjenner litt på den same lukka.

Denne videoen kan ikke vises.

Denne videoen kan ikke vises fordi du ikke har godtatt markedsføring på personvernsinstillingene våre. Klikk under for å endre på innstillingene og deretter last inn siden på nytt.

Personverninstillinger

Kva er fordelen med denne driftsforma akkurat her i dette området?

Anders Her er jo tradisjonen småbruk i kombinasjon med fiske. Det ideelle landbruket her ville vore meir allsidig enn kva vi driv i dag. At vi er få bønder igjen er ikkje bra, men gir oss meir spelerom.

Hilde Vi såg potensiale i lyngheiene – det er  fantastiske beiter for villsaudrift, det vil seie Gammalnorsk sau i full utegang. Snøfrie vintrar og store vidder med lynghei er avgjerande. Viss det var unge folk som skulle starte her, ville vi nok råda dei til å ha litt mangfald, kanskje Vestlandsk fjordfe og mjølk, og på den måten å utnytte ressursane enda betre.

Anders Det er ikkje naudsynt og fornuftig med dei store investeringane for å drive med sau, og særleg ikkje i vårt milde klima.

Hilde I dagens landbruk avlast dyr til å bli så utruleg produktive at dei ikkje klarer å nyttiggjere seg våre lokale ressursar. Det har ført til at vi må vi gi dei heilt optimale vilkår – broiler, til dømes, som må ha eit optimalt miljø, både omgjevnader, temperatur og fôr. Slik er vi også i ferd med å gjere med både sau og kyr, høgproduktive dyr har det best om dei slepp å gå ut av fjøsen, berre liggje på ei matte og få rikeleg med optimalt komponert fôr. Dess meir intensivt eit dyr blir, dess meir krevjande blir det. Når det er basert på jord og fôr frå den andre sida av kloden, er det ikkje ein farbar veg over tid. Det er heller ikkje god dyrevelferd.

«Om Lucky Luke hadde så små ballar at vi ikkje såg han, eller om han rett og slett var så smart at han klarte å «blende inn» med søyene er vanskelig å seie. »

– Anders og Hilde

Å vere ærleg og open er viktige verdiar i Debio. Vi veit at mykje lærdom kjem frå å prøve og feile. Kan de tenkje dykk å dele ein viktig lærdom?

Anders og Hilde bryt ut i latter: Sauane skiljast på hausten, kor søyer sleppast ut på ei øy og vêrane på ei anna. I utgangspunktet skal det ikkje vere så vanskelig å få til dette, men ingen reglar finst vel utan unntak. Under sorteringa var det ein liten kar, som vi berre måtte kalle Lucky Luke, som klarte å kome seg med på øya saman med gimrene som normalt får bli eit år eldre før dei parast. Lucky Luke var utan horn og så feminin og at vi ikkje såg han. Han var ein liten luring som ofte gjekk midt i flokken og let til å vere ei lita frøken. Han vart slik med 90 damer ut på ei øy og hadde ein heil vinter i lag med dei. Til og med når vi var for å inspisere og sjå til sauane, klarte han å gøyme seg. I løpet av vinteren klarte han å setje lam på 82 av ungsøyene! Då våren kom, berre tøyt det ut med små Lucky Luke-lam! Vi vil jo gjerne la gimrane bli to år før lamming og dessutan avle på dei beste vêrane, så dette gjekk ikkje heilt i tråd med den strategien kan du seie…

Lukke er kanskje vanskelig å setje ord på, mens finst det augneblink i løpet av ein arbeidsdag kor alt gir meining?

Hilde Ja, mange. Våren er den mest fantastiske tida. Når det går bra med lamminga, alle lamma er velfødde og alle søyene passer på lamma sine. Etter mange års arbeid kor vi har tatt vare på funksjonelle eigenskapar, er fint å oppleve gode, sterke mordyr med friske lam. Heile året er det ei glede med tillitsfulle sauar som vi kan kommunisere med og som stolar på oss som hyrden deira.

Anders Det er fint og gir meining å skjøtte kystlyngheia slik at dette verdifulle og gamle kulturlandskapet kan gi glede til folk og mat til ein heil flokk med flotte sauar.

Kva råd vil de gi andre som ønskjer å starte med matproduksjon?

Hilde Eg skulle ønskje at dei unge lærte at det gjekk an å drive på ein annan måte, at det går an å drive ekstensivt. Eg trur ikkje dei lærer det på jordbruksskulen. At dei kunne sleppe unna dei store investeringane, begynne i det små, tenkje kretslaup og ta vare på og utnytte dei ressursane som er på bruket. Alle dei vakre bruka som ligg innover i fjordane – dei liene er så grøderike at eg blir misunneleg når eg køyrer gjennom dei. Og no gror dei igjen. Dei har fødd mennesker i generasjonar, og no ligg dei til forfall fordi dei plutselig ikkje er verdt noko.

Anders Det har jo med den såkalla effektiviseringa å gjere. At det berre er dei grøne små jordlappane som skal drivast, medan dei store ressursane i utmarka og den meir tungdrivne jorda ligg til attgroing.

Hilde Vårt konkurransefortrinn i ei globalisert verd, er våre fantastiske utmarksressursar. Vi må bruke naturen slik folk her nord alltid har gjort.

«Vårt konkurransefortrinn i ei globalisert verd, er våre fantastiske utmarksressursar. Vi må bruke naturen slik folk her nord alltid har gjort.»

– Hilde

Gode historier

Vi i Debio er gjennom hele året ute på besøk hos mange ulike virksomheter. På våre reiser mellom fiskebåter på Vestfjorden, kornbønder på Byneset og saueprodusenter på Jæren, møter vi flotte mennesker med et stort engasjement for dyra, naturen og maten vi spiser – gode verdier som både fascinerer og inspirerer oss. I Debio tror vi på åpenhet og deling av kunnskap, derfor formidler historier om noen av de vi møter på vår vei, historier om menneskene som står midt i det, om hvorfor de gjør som de gjør og hvordan vi alle kan lære og løfte hverandre videre. Historiene finner du i magasinet «Fordi du bryr deg«.

Del denne artikkelen

Kontakt