Vingelen til verda og verda til Vingelen
Eggen gardsysteri
Ola Eggen
Tekst: Helene Austvoll
Foto: Åsmund Seip – Heia Folk/Debio
For dei av oss som ikkje visste kor Vingelen var, veit vi godt no kor den rike fjellbygda er – rik på smak og rik på gode verdiar! Ola Eggen tok over garden i 1999 etter sine foreldre – både han og kona Liv Bjørnstad hadde lyst til å drive gard. Deira første mål var å legge om til økologisk drift, og nokre år etter vart det ysteri: Eggen gardsysteri!
Ola fortel oss at det var eit gryande miljø for økologisk produksjon i landbruket på den tida, ein god ven av dei dreiv med den same prosessen og saman hadde de trua! Kan du hugse kva som tiltrekte deg med denne produksjonsmetoden?
– Det var driftsforma. Vi følte at det var den riktige måten å drive på. Vi hadde eit opent sinn, og sa at vi skulle prøve, men om det ikkje fungerte var vi også opne for det. Men så er det jo sånn når ein først set i gong med ein ting…
Nedbygging av slakteri på Tynset og Tine si meieridrift i fjellregionen, skapte nye rom for nyskaping og utvikling på byrjinga av 2000-talet. Fleire økobønder samla seg i eit nettverk, saman med dei tilsette på det nyetablerte Rørosmeieriet. På Eggen hadde Liv slutta i jobben som barnehagekonsulent, og dei såg på moglegheiter for å auke verdiskapinga på garden.. Under ein studietur til Sverige, kor dei var innom kjøtfordeling, safting, sylting, baking og ysting, fekk dei ost på tann.
– Det var på eit ostelager i skjærgården at vi vart sikre på at det var ost vi skulle satse på!
Viss du hadde reist tilbake til den dagen de tok den avgjersla, kva råd hadde du gitt deg sjølv?
– Vi kunne nok hatt meir kunnskap då vi starta, men som gründer er det viktig å gå på nokre smeller. Eg må jo innrømme at vi starta på ganske tynt grunnlag – tok med oss nokre papirlappar og reiste rundt til butikkar i Røros. Dei som var mest lunkne kjøpte mest, i motsetnad til dei som var mest ivrige. Det var jo heilt i starten med slik attåtnæring på garden – det var kring tre til fire gardsysteri i heile Noreg. Det som forbausa meg mest var at folk var så opprørt over at vi utfordra samvirket, for det tenkte ikkje vi på i det heile tatt. Vi hadde ein god dialog med Østlandsmeieriet på Tolga heile tida og dei var så entusiastiske. Vår drift var og er eit supplement til ein marknad som utviklar seg, og vi har eit godt samarbeid med Tine i dag. I tillegg var vi også med å starte samvirket Rørosmat.
Rausheit og openheit er noko som går igjen når vi snakkar med folk her i regionen. Det verkar som det er stort rom for samarbeid og å jobbe for å styrke kvarandre sine produkt. Opplev du det same?
– Ja, i Rørosmat har vi jobba bevisst i mange år med å unne kvarandre suksess. Det heiter ikkje Røros mat – saman om matglede for ingenting!
Kan du fortelje litt om motivasjonen bak det dykk gjer?
– Første motivasjon var å skape ein arbeidsplass kor både Liv og eg kunne vere heime. Men så kom dei andre elementa inn, som det å utnytte dei ressursane vi har i bygda og nærområdet, og å stå for produksjonen frå byrjing til slutt – kor sluttproduktet er laga på eigenprodusert råvare.
«Vi kunne nok hatt meir kunnskap då vi starta, men som grûnder er det viktig å gå på nokre smeller. »
Vil du seie at dykkar verksemd skaper ringer i vatnet i nærområdet?
– Det at vi fekk ein del mediemerksemd dei første åra har nok vore med å skape ringar i vatnet her i regionen. No i det siste har det jo også vore ein god periode med vm i ost. Det handlar om både flaks og dugleik.
I november i fjor ende dei opp med gull i World Cheese Awards i London for Fjellblå og sølv for Fjellgo, og når VM i ost kjem til Bergen dette året kjem dei til å bruke den anledninga til marknadsføring av ostane. Er marknadsføring og sal noko av det du likar ved jobben?
– Eg likar å reise på messer og prate med folk og selje – det er moro å kome litt bort og møte engasjerte folk. Eg er ikkje ein seljar på den måten at eg reiser rundt til kokkar og kjøken, slik vi gjorde i starten. Det er eg veldig glad for at Rørosmat tek seg av. Rørosmat er med på å fortelje dei gode historiene om produkta, og vi jobbar saman om å lese marknaden og kven vi skal satse på.
Du har jo ein krevjande jobb. Både fysisk, psykisk og tidsmessig, og i møte med dyra, naturen og produkta. Kor er gleda størst?
– For meg er det nok totalpakka – det å drive med noko sjølv og skape noko eige. Gleda rundt ysteriet er at du etterkvart lukkast med det. I dette gründer- og matmiljøet møter du sjeldan pessimistar.
Det er nok diverre mang ein økobonde og andre som ivrar for den økologiske produksjonsforma som har merka krangleviljen blant motstandarar. Mange har kjent seg aleine, på grunn av eit val om å gå ein annan retning – det står det respekt av! Vi er heilt einige med Ola når han seier at dei gode historiene er dei vi får til – ikkje dei vi kranglar om. Det er dei som er med på å skape endring.
– I ettertid har eg høyrt at det har vore skepsis frå nokre kantar, men det har vi ikkje brukt tid på å høyre på. Det er mykje meir artig med folk som har trua, som sett pris på deg, og som gir uttrykk for at vi betyr noko for nærområdet.
Er det noko i dette landskapet som rører ved deg meir enn noko anna?
– Samarbeid! Vi jobbar både for oss sjølv og for fellesskapet. Historia som vi har saman her i regionen er verdfull – vi starta heilt grøne og kunne lite, men vi hadde felles verdiar og ideologi i botn. Alle menneske treng å ha noko i ryggraden – det vere seg jordbruk og mat, politikk eller andre ting.
Bekymrar du deg for noko i kvardagen og i det dykk driv med?
– Økonomi og helse er dei største bekymringane. Når du har starta noko slikt har du ingen veg tilbake, vi har berre måtte få det til å gå. For ei tid tilbake fekk vi med oss nokre folk som hjelpte oss med bedriftsutvikling – det har jo vore krevjande å få lønsemd og å tørre å ta ut pris på produkta. Det at vi fekk etablert eit sa, skilt ut ysteriet i et eige driftsselskap på garden og fekk med eit styre til å bidra, syns vi har fungert veldig bra.
Ola fortel om eitt styremøte kor han gjekk på kjøkenet for å hente kaffi og då han kom tilbake hadde dei auka prisane med 10 prosent!
– Vi trengte særskilt oppbakking for å få trua på produkta og det å tørre å ta ut pris – det er smertelig.
Viss eg vurderer å starte ysteri, hadde du hatt eit godt råd å gi?
– Det er berre å starte det! Det finst vanvitig mykje meir kunnskap i foredlingsbransjen no enn for femten år sidan. Det beste rådet er å reise rundt å besøke folk som driv med det same, for å lære av andre – alt frå det tekniske til det økonomiske.
Det er sonen, Marius Eggen, som er gardbrukaren i dag, og Ola, Liv og svigerdotter Lotte Iversen jobbar i ysteriet. Men det gjer dei ikkje aleine. For omkring 12 år sidan kom Jurgita frå Litauen for å jobbe som seterjente. Ho vart verande på garden som ein lojal medarbeidar.
– Då vi starta hadde vi ikkje all verda til ressursar – ho fekk minsteløn, men det fekk vi alle saman! Dette har heldigvis endra seg undervegs. Jurgita er eit petimeter og særs dyktig i ysteriet. Det er som regel eg som tek i mot æra når vi gjer det bra, men ho er den viktigaste i systemet!
Viss du hadde fått besøk av mat- og landbruksministeren, og fått moglegheita til å seie noko til han – kva ville du ønska deg?
– Eg ønskjer meg at det skal vere liv laga å drive jorda. At ein skal gløyme den stordriftstenkinga. Det er greitt at vi skal ha store fjøs, men eg ønskjer meg at politikarane skulle sett verdien av å ha eit slikt gardsbruk vi har – 20 mjølkekyr, foredlar sjølv og prøver å bruke dei ressursane vi har. Det er jo forskjell på fjellbygda Vingelen og Stange kommune. Dei er så opptekne at det skal vere så rasjonelt og lønsamt, også ser vi skrekkeksempler på at digre bruk går over ende i Danmark. Er det slik vi vil ha det? Med tanke på matvareberedskap trur eg ikkje det er så dumt å ha mange aktive små gardsbruk rundt omkring.
Gode historier
Vi i Debio er gjennom hele året ute på besøk hos mange ulike virksomheter. På våre reiser mellom fiskebåter på Vestfjorden, kornbønder på Byneset og saueprodusenter på Jæren, møter vi flotte mennesker med et stort engasjement for dyra, naturen og maten vi spiser – gode verdier som både fascinerer og inspirerer oss. I Debio tror vi på åpenhet og deling av kunnskap, derfor formidler historier om noen av de vi møter på vår vei, historier om menneskene som står midt i det, om hvorfor de gjør som de gjør og hvordan vi alle kan lære og løfte hverandre videre. Historiene finner du i magasinet «Fordi du bryr deg«.