Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Nytt merke for grasbasert mjølk- og kjøt i utvikling

  • Publisert
  • Oppdatert

DebioInfo har sidan 2015 vore pådrivar for å få i stand ei merkeordning for grasbasert mjølk- og kjøtproduksjon. Saman med fleire samarbeidspartnarar har vi no fått midlar frå Innovasjon Norge for å utvikle ei merkeordning som vi ønskjer å gjere tilgjengeleg for marknaden hausten 2018.

Formålet med prosjektet ”Grasbasert melk- og kjøttproduksjon – merkeordning for bærekraftig matproduksjon i hele Norge” er å bidra til at mest mogleg av storfe- og småfehaldet i Noreg vert basert på norske ressursar, og på den måten reduserer fôrimport og arealbruk i andre land. Ei eiga merkeordning for grasbasert mjølk- og kjøt kan bidra til auka lønnsemd og verdi for bonden, og utvikling av nye marknadar for norske landbruksprodukt.

– Med denne satsinga ønskjer DebioInfo å bidra til bærekraftig matproduksjon og produkta derfrå vil ha eit positivt klimabidrag, seier Torunn Riise Jackson, prosjektleiar i DebioInfo. Saman med prosjektdeltakarane, som alle har sitt virke innanfor landbruk, mat- og handelsbransjen, skal vi finne fram til eit regelverk og ei merke- og revisjonsordning som heile verdikjeda kan einast om. Dette vil hjelpe bønder som ønskjer å formidle ekstra kvalitetar ved sine produkt, og gi ein garanti til forbrukarar som ønskjer å handle bærekraftig.

Dei siste åra har omgrepet ”grassfed” fått stadig større merksemd rundt om i verda, som oftast i samanheng med produksjon av storfekjøt. Forbrukarar i Noreg ønskjer i stadig større grad å kjøpe klimavenleg og helsefremjande produkt, og det er ei aukande interesse blant produsentar om å produsere mat med lågare klimaavtrykk. Erfaringar frå marknadsaktørane viser at produkt med tilleggsverdiar er etterspurd i marknaden, og ei forbrukarundersøking gjennomført av Miljømerking Norge, Oikos – Økologisk Norge, Fairtrade Norge og Debio viser at 61 prosent av norske forbrukarar meiner dei har eit ansvar for å velje mest mogleg bærekraft.

Prosjektdeltakarar: Nortura SA, Coop Norge Handel AS, Midt-Norge Slakteri AS, Stiftelsen Norsk senter for bygdeforskning, Trond Ivar Qvale og Lofoten Matpark AS

 

 

Ta kontakt for meir informasjon!

Del denne artikkelen

Kontakt