VÅR dag på Gartneriet
Vi trur at dei viktigaste møta skjer ute av kontoret – ved bordet eller ute på jordet. Derfor inviterte Debio alle tilsette, samarbeidspartnarar, medlemsorganisasjonar og gode vener til VÅR dag 8. juni.
- Publisert
- Oppdatert
Vi sit inne i Gartneriet – eit nytt veksthus med ein gamal historie. Regnet trommer på glastaket, vi kjenner dufta av syrin, basilikum og tomat. Vi deler maten og samtalen. Naturen er så nær. Kan vi våge å kalle det magisk? Den fuktige drivhuslufta erstattast av frisk sjøluft på ferga inn til Losæter i Bjørvika. Sjølvaste Bybonden tek oss i mot. Visjonære ord om det urbane landbruket servert med kokekaffi frå bålet og noko attåt. Dette er VÅR dag.
«Vilje - Åpenhet - Raushet ligg til grunn for VÅR dag og for våre møter med kvarandre og andre»
«VÅR dag lar undring bli til endring»
«VÅR dag gir rom for at ein idé blir til to, bekjentskap blir til vennskap og ord blir til handling»
Sjå bileta frå VÅR dag her