Smånytt
SAU
Det er haust, og også vinter for tida. Kva passer vel betre enn å sette seg ned og sjå på filmen, no serien, SAU, på NRK? Rakel Nystabakk flyttar heim til Sørfold i Nordland, saman med kona Ida, for å ta over sauegarden etter foreldra sine. Garden var ein av dei første gardane i Nordland med godkjenning for grasbasert produksjon frå Debio. Snurr film!
Nettstaden Økologisk24
Økologisk24 er ein ny nyhendebasert nettstad for alle som er engasjert i eller opptatt av økologi, økologisk landbruk og økologisk matproduksjon. Utgjevar er Medier og Ledelse, og du finn avisa på www.okologisk24.no.
Podcasten Takk for maten
I podcasten Takk for maten tar Kristoffer Torheim lyttarar med på reiser for å møte bønder, kokkar, ystarar, fiskarar, foredlarar, forskarar og eldsjeler for å lære meir om norsk mat. Målet er mellom anna å dele kunnskap om kva det vil seie å drive ein gard, dei ulike råvarene som vert produsert i Noreg og kva vi kan gjere for å sikre norsk mat framover.
Nytt namn til Debio sitt dotterselskap
Debio sitt dotterselskap har gått frå Debio Info til Debio Marked! Namnet skal kommunisere eit tydelegare skilje mellom marknadsaktivitetane til dotterselskapet og den akkrediterte sertifiseringsverksemda hjå Debio. Dette for å ivareta sertifiseringsverksemda sin habilitet, samt å etterleve merkebrukarane sine forventingar og dei standardane som kontrollorganet Debio er pålagd.
Matsymposium
Skriv 13. juni 2025 inn i kalenderen allereie i dag! Den dagen blir Matsymposium arrangert for andre gong. Følg med på Instagram @matsymposium for fleire detaljar.
To prisar til Sverige under EU Organic Day!
Vinnarane av årets EU Organic Awards vart presentert på EU Organic Day 23. september i år. Sverige fekk to prisar; Sörmland Bio-district fekk tildelt pris for beste økologiske bio-distrikt, og den svenske restaurantkjeden Kalf&Hansen fekk pris for beste økologiske restaurant. Restauranten, grunnlagt i 2014 av Rune og Fabian Kalf-Hansen, tilbyr 100 % økologisk, sesongbasert nordisk mat og har blitt eit førebilete for berekraftige matvanar.
Prisdryss til norsk økoprodusentar
Denne hausten har fleire økologiske verksemder blitt tildelt prisar og stipend for sine satsingar. Vi gratulerer Bøtun gard med prisen Årets lokalmatgründer og Holli Mølle og Hanasand Gartneri med Matskattstipend. Gratulerer også til fylkesvise bedrifts- og næringslivsprisar til NeRø Sideri, Superkraftmat AS og Villbrygg.