Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Ein sommar til ettertanke

I sommar jobba Debio tett med Mattilsynet og næringa for å finne gode løysingar innanfor regelverket i samband med fôrsituasjonen. Tørkesituasjonen ga store konsekvensar med omsyn til tilgjengeleg fôrvare, og spesielt for grovfôr. Debio si målsetting var heile vegen å sikre riktig og god informasjon til dei verksemdene som er råka. Vi fekk etablert ei telefonvakt som handterte dialogen med bøndene både på telefon og e-post, og mange bønder tok kontakt for å få hjelp i den vanskelege situasjonen dei sto midt oppi.

Tekst: Idun Bjerkvik Leinaas

Kvalitetsrevisor for landbruk, Solveig Hemli Solbakk, var ei av telefonvaktene som møtte bøndene over telefonrøyret og per e-post. Ho var heime på garden med 15 hestar, og der var både beita og brønnen i ferd med å gå tomme.

– Vi måtte løyse situasjonen på best mogleg måte i Debio, og bruke dei ressursane vi hadde der og då. Det var tøft å høyre om dei utfordringane som bøndene hadde, både økonomisk og praktisk.

Solveig fekk både e-postar og telefonar, og spørs-måla var mange. Beiter og brønnar var tomme – kunne dyra haldast inne, kva type alternativ fôring var mogleg, og kvar kunne ein kjøpe fôr? Solveig velde sjølv å ringe dei aller fleste som tok kontakt med Debio.

– Å kunne vere til stades og snakke med bøndene var viktig for meg. Eg ønska å støtte kvar enkelt, og gje dei nokre svar og litt rettleiing på vegen. Sjølvsagt var det stressande situasjon for både oss i Debio, midt i fellesferien, og eg kjende på kroppen den frustrasjonen som fleire bønder uttrykte. Redsla for kva som skulle skje var tydeleg, nedslakting var for mange ei tung avgjersle. I Debio måtte eg som kvalitetsrevisor i større grad enn vanleg ta avgjersler på eiga hand, der og då var det viktigast å kome fram til konkrete løysingar for kvar enkelt. I ettertid har også revisorar i Debio fått høyre frå bøndene at denne sommaren har også gitt nokre positive kjensler; samarbeidet i landbruket har blitt styrka. Det kan ein få god bruk for til seinare tider.

Samarbeid for å finne gode løysingar

Regelverket for økologisk produksjon i Norge vert regulert gjennom den økologiforskriften som implementerer EU sine forordningar på økologiområdet. Dette inneber at vi i Noreg må følgje det same regelverket som i resten av EU. Gjennom tett dialog med Mattilsynet og innspel frå næringa, kom det i stand fleire avklaringar knytt til regelverket for både beitesesongen og innefôringsperioden. Velferda for dyra sto i fokus, og både fôrrettleiarar i Tine, Felleskjøpet og Norsk Landbruksrådgiving har vore viktige samarbeidspartnarar for å finne fram til gode løysingar. Det gjerast kontinuerleg vurderingar knytt til situasjonen for å oppnå ei best mogleg løysing, og vurderingane må ta omsyn til krava i regelverket på ein slik måte at internasjonale forpliktingar vert haldt. Under er ei oversikt over regelverksavklaringar som har kome så langt i prosessen. Tiltaka gjeld berre verksemder som er direkte ramma av forhold som vert vurdert etter kriseparagrafen, og det er avgjerande av verksemdene på førehand søkjer om tillating til bruk av konvensjonell fôrvare. For å søke om førebels tillating nyttar ein søknadsskjemaet «Søknad for bruk av konvensjonelt fôr» Det er naudsynt å søke i god tid før bruk.

Tillating til bruk av konvensjonelt fôr og større del økologisk kraftfôr

Økologiske dyr skal i utgangspunktet fôrast med berre økologisk fôr, men upårekna hendingar vert tatt omsyn til i regelverket. Jf. økologiforskriften § 3, jf. fo. (ef) nr. 889/2008, art. 47 a (katastrofeparagrafen) er det mogleg å søke om tillating til bruk av konvensjonelt fôr når fôrproduksjonen er gått tapt, eller det vert pålagt restriksjonar som følgje av ekstraordinære vêr, utbrot av smittsame sjukdommar, forureining med giftige stoff eller som følgje av brann.

Hovudintensjonen med grovfôr er at det skal vere «stråfôr» som gras, høy og halm. Det har vore viktig å finne gode løysingar fôr fôringssituasjonen med utgangspunkt i norske råvarer.

Følgjande fôrvarer vart etter kvart rekna som grovfôr:

  • Stråfôr (gras, høy, halm)
  • Fiberrike restprodukt som potetskrell, potetrasp og mask
  • Pelletert grasmjøl/luserne («pelletert gras»)
  • Rotvekstar (f.eks. kålrot, nepe, gulrot)

Pellets av anna enn gras (f. eks. av roesnittar) vert rekna som kraftfôr. Potet vert også rekna som kraftfôr. Ein kan søke om bruk av konvensjonelt grovfôr og/eller høgare del økologisk kraftfôr. Det har ikkje vore mogleg å søke om å bruke konvensjonelt kraftfôr.

Handsama halm kan verte brukt dersom det er gitt tillating til bruk av konvensjonelt fôr

At halmen vert gjort fordøyeleg for dyra er heilt avgjerande for bruk av halm som fôr. Mattilsynet har avklart at produsentar som er ramma av tørken, og som får innvilga søknad om bruk av konvensjonelt grovfôr, kan bruke handsama konvensjonell halm. Halmen kan handsamast med nh3, djupluting eller urea så lenge det er gitt tillating til å bruke konvensjonell fôrandel. Dersom det er økologisk halm som vert behandla, må produsenten søke om dispensasjon som om halmen var konvensjonell. Det kan som ei siste moglegheit vurderast om sagflispellets også kan gå inn som konvensjonelt fôr, så framt at det er gitt skriftleg tilbakemelding frå fôrrettleiar som vedlegg i søknaden.

Kjøper ein økologisk grovfôr, må ein sikre seg at fôret verkeleg er økologisk. Å innhente erklæring frå seljar på dette ved mottak av fôret er vesentleg. Er ein i tvil kan ein gå inn på debio.no og finne godkjente produsentar og produkt.

Høgare del økologisk kraftfôr

Det er mogleg å søke om å auke mengda kraftfôr. Med kraftfôrdelar på over 50% kan det vere utfordringar i samband med dyra si helse og velferd, og det må visast fram ei skriftleg stadfesting frå tredjepart at det er strengt naudsynt som einaste moglege fôringsløysing. Felleskjøpet har tilgjengeleg eit økologisk kraftfôr; Natura drøv fiber, som er tilpassa ein fôrsituasjon med bruk av mindre mengde grovfôr.

Det er fleire argument for å akseptere meir økologisk kraftfôr. Dette fører til mindre innførsel av grovfôr, noko som er viktig for å ta vare på norsk dyrehelsestatus. Meir økologisk kraftfôr inneber at dyra får meir økologisk fôr. Grovfôr til økologiske verksemder som er smitta er ei fare også for resten av næringa, og det har også blitt peika på at økologiske besetningar bør vere med på felles løysingar i næringa for å ta vare på norsk dyrehelse. Rådgivingstenesta har gitt råd om samansettinga av optimal fôrrasjon til dyra for å ta vare på dyre si helse og velferd.

Bruk av karensfôrmiddel

Eige grovfôr frå nye areal i første års karens kan nyttast med inntil 20 %. Proteinvekstar frå eigne areal i første års karens kan vere ein del av desse 20 %, Fôret kan ikkje ha vore drive økologisk dei siste 5 åra, og kan heller ikkje ha vore gjødsla eller sprøyta i år.

Eige karensfôr frå 2. års karensareal kan nyttast med inntil 100 %. Ved kjøp av 2. års karensfôr kan fôret nyttast med inntil 30 % av fôrbehovet. Ein må dokumentere at fôret er kontrollert av Debio, og er godkjent som 2. års karensfôr.

Det er ikkje naudsynt å søke om tillating til å bruke karensfôr. Du finn meir om reglane for bruk av fôr i Regelverksveilederen for økologisk landbruksproduksjon på debio.no.

Overgang til ny sesong

Det er ønskjeleg å finne gode løysingar i overgangen til ny beitesesong, og utfordringar hjå enkeltprodusentar må bli vurdert frå sak til sak. Produsentar som allereie no veit at dette vert eit problem, må beskrive dette i søknad om tillating til bruk av konvensjonelt fôr. Det er viktig at ein i søknaden detaljert beskriv tal på dyr, kor mykje beite ein har tilgong på, kor store areal som vert slått, og for kva dyregrupper det vil vere behov for å tilleggsfôre etter beiteslepp. Har ein allereie fått innvilga søknad for innefôringsperioden, er dette også ei opplysning som bør med så tilleggssøknaden då kan sjåast i samanheng med tidlegare vedtak om bruk av konvensjonell fôrvare, eller auka bruk av økologisk kraftfôr.

Dagleg leiar i Debio, Ole Petter Bernhus, ser tilbake på ein hektisk sommar med fleire menneskjer på jobb enn vanleg. Regnet som ikkje kom før sommaren, kom ikkje heller i det fellesferien sat i gong.

– Vi håper at vurderingane som vert gjort bidrar til at økologisk produksjon kan oppretthaldast, og at verksemder ikkje kjenner seg tvungne til å gå tilbake til konvensjonell drift. At verksemder legg opp til eit godt fôrgrunnlag som kan bidra til at dei tåler år med noko lågare fôrproduksjon er noko vi ønskjer, men vi ser at vekstsesongen 2018 har vore ekstremt vanskeleg. Vi har også gjort oss nokre erfaringar knytt til krisehandtering i Debio. Vi søkjer no å ha menneskjer i beredskap. Det skal alltid vere folk på jobb i Debio i slike situasjonar vi har opplevd i sommar. Korleis vi informerer bøndene, vere seg e-post, telefon, sms og sosiale media er grunnleggande. Vi arbeider med å finne betre løysingar på dette så  slik at vi kan nå enda breiare ut med aktuell informasjon til Debio-godkjende verksemder.

Kontakt