Gardsforedling, økologisk bedriftsgodkjenning frå Debio
Dei siste åra har profilering av lokalt produsert mat, og gjerne gardsforedla mat, breidd om seg. Mange bønder ønskjer å ta ut meir av overskotet frå maten dei produserer til garden, i staden for å la maten gå gjennom mange ledd i ein produksjon. Slik kan ein skape meir robuste verdikjeder for maten vår. Vi har tatt ein titt på tala for sertifiseringsområdet «økologisk gardsforedling» frå 2015-2023, og kan konstatere ein god vekst, frå 132 verksemder i 2015 til 362 verksemder per oktober 2023!