Nytt merke for grasbasert mjølk- og kjøt i utvikling
- Publisert
- Oppdatert
DebioInfo har sidan 2015 vore pådrivar for å få i stand ei merkeordning for grasbasert mjølk- og kjøtproduksjon. Saman med fleire samarbeidspartnarar har vi no fått midlar frå Innovasjon Norge for å utvikle ei merkeordning som vi ønskjer å gjere tilgjengeleg for marknaden hausten 2018. I 2022 er ein pilot for merkeordninga lansert, og i første omgong er den tilgjengeleg for Debio-godkjende gardsbruk.
Formålet med prosjektet ”Grasbasert melk- og kjøttproduksjon – merkeordning for bærekraftig matproduksjon i hele Norge” er å bidra til at mest mogleg av storfe- og småfehaldet i Noreg vert basert på norske ressursar, og på den måten reduserer fôrimport og arealbruk i andre land. Ei eiga merkeordning for grasbasert mjølk- og kjøt kan bidra til auka lønnsemd og verdi for bonden, og utvikling av nye marknadar for norske landbruksprodukt.
– Med denne satsinga ønskjer DebioInfo å bidra til bærekraftig matproduksjon og produkta derfrå vil ha eit positivt klimabidrag, seier Idun Bjerkvik Leinaas, prosjektleiar i DebioInfo. Saman med prosjektdeltakarane, som alle har sitt virke innanfor landbruk, mat- og handelsbransjen, skal vi finne fram til eit regelverk og ei merke- og revisjonsordning som heile verdikjeda kan einast om. Dette vil hjelpe bønder som ønskjer å formidle ekstra kvalitetar ved sine produkt, og gi ein garanti til forbrukarar som ønskjer å handle bærekraftig.
Dei siste åra har omgrepet ”grassfed” fått stadig større merksemd rundt om i verda, som oftast i samanheng med produksjon av storfekjøt. Forbrukarar i Noreg ønskjer i stadig større grad å kjøpe klimavenleg og helsefremjande produkt, og det er ei aukande interesse blant produsentar om å produsere mat med lågare klimaavtrykk. Erfaringar frå marknadsaktørane viser at produkt med tilleggsverdiar er etterspurd i marknaden, og ei forbrukarundersøking gjennomført av Miljømerking Norge, Økologisk Norge, Fairtrade Norge og Debio viser at 61 prosent av norske forbrukarar meiner dei har eit ansvar for å velje mest mogleg bærekraft.