Alert Angle pointing down Arrow pointing right Arrow pointing left Arrow pointing right Arrow pointing right Burger Crossmark Debio Envelope Facebook Instagram Sketched arrow pointing down Angle pointing left Angle pointing right Loupe Phone Play button arrow Twitter YouTube Artboard 38 Artboard 41 Artboard 14 Artboard 40 Artboard 43 Artboard 22 copy Artboard 30 Artboard 42 Artboard 42 Artboard 9 Artboard 7 Artboard 10 Artboard 24 Artboard 8

Debios statistikk for 2017

 

 

  • Publisert
  • Oppdatert

Tala for 2017 innan økologisk mat og landbruk visar ei jamn auke i talet på verksemder godkjent for Ø-merket innan foredling, import og omsetjing, samt servering, og talet på landbruksverksemder er stabilt.

Debio sertifiserer verksemder både innan offentleg (økologiforskriften) og privatrettslege områder. Talet på verksemder godkjent for bruk av Debio sitt Ø-merke fordeler seg slik:

Offentleg
Landbruk: 2070, nedgang på 0,62% frå 2016
Akvakultur: 50, oppgang på 21,95 % frå 2016
Foredling, import og omsetning: 880, oppgang på 3,04 % frå 2016
Desse er inkludert 31 utanlandske verksemder, med økologigodkjenning frå eit anna land men godkjenning for å bruke Debio Ø-merket.

Privat
Valørmerker i servering og matvarehandel: 356, oppgang på 5,64% frå 2016
Merk at ein og same verksemd kan vere godkjent for fleire sertifiseringsområder.

2070 landbruksverksemder

Tala på det totale arealet som drivast økologisk er 473 661 dekar, ei nedgang på 1 prosent. Prosentandelen av det totale landbruksarealet i Noreg er tal som foreløpig ikkje er klart, men vil publiserast så fort det er ferdigstilt. Samanlikna med 2016 er det ei reduksjon av primærprodusentar på 0,62 prosent, og totalen for 2017 visar 2070 verksemder som driv med primærproduksjon. Innan økologisk akvakultur var det ei auke, frå 41 verksemder i 2016 til 50 i 2017.

Mindre nedgang på sauehald enn forventa

I ei spørjeundersøking Debio sendte ut november 2016, til 579 produsentar registrert med økologisk sauehald (ekskludert utegangarsau), svarte 63 produsentar ja på at dei vurderte det som for vanskelig og omfattande å gjennomføre endringar for å oppfylle nye regelverkskrav om tett liggeunderlag i sauefjøs. I 2017 visar statistikken at 25 færre produsentar driv med økologisk sauehald.

– Vi syns det er gledelig at det er mange som, trass i nye krav, har tilpassa drifta og held fram med økologisk sauehald, seier dagleg leiar i Debio, Ole Petter Bernhus. Bernhus meiner at det tydar på at utarbeidinga av praktiske og økonomiske løysingar for økologisk sauehald som har blitt gjort frå Norsøk, Norsk Landbruksrådgiving og Debio, saman med anna oppfølging har vore nyttig for mange. – Det er sjølvsagt synd at 25 produsentar har valt slutta med Debio-godkjent sauehald, men vi har forståing for at ei regelverkstilpasning ikkje har vore like relevant for alle. Vi heier vidare på dei og den viktige jobben dei gjer, avsluttar Bernhus.

Fleire visar at dei bryr seg med valørmerker

Debio sine valørmerker i bronse, sølv eller gull gjer det mogleg å profilere andelen økologisk innan servering og matvarehandel. Kafear, kantiner, restaurantar, barnehagar og andre som tilbereder, serverer og seljer økologisk og bærekraftig mat kan gjennom ei Debio-godkjenning bruke merkene. Innan denne ordninga auka talet godkjente verksemder med 5,64 prosent, frå 337 til 356 verksemder.

Om Debio

Debio har merket mat og utviklet økologien i over 30 år, og er garantisten for at varer merket med våre godkjenningsmerker er produsert på en økologisk og bærekraftig måte. Debio tilbyr også i dag veiledning og formidling knyttet til bærekraftige måltid gjennom selskapet Debio Info. Debios hovedoppgave er sertifisering, og på oppdrag fra Mattilsynet godkjenner Debio norske virksomheter som omsetter og produserer økologiske produkter. Alle disse får muligheten til å bruke det grønne Ø-merket i sin markedsføring. Debio utfører også godkjenning på grunnlag av egne privatrettslige regelverk, slik som valørmerkeordningen.

Debio fører årlige statistikker basert på registreringene som gjøres i forbindelse med godkjenning av økologisk produksjon, både innenfor primærproduksjon og innen foredling, import og omsetning.

Meir ufyllande statistikk innan Debio sine sertifiseringsområder finn du her.

Har du spørsmål knytta til statistikken?

Del denne artikkelen

Kontakt