Ny utgåve av Fordi du bryr deg!
- Publisert
- Oppdatert
Langsamt blir allting til
Denne utgåva av Fordi du bryr deg famnar breitt. Tida vi lever i tilsei at vi også bør famne breitt, og vere merksame på våre omgjevnadar, skal vi skape løysingar for framtida. Ei radikal omlegging av korleis vi produserer maten vår og kva vi et er vesentleg skal vi nå FNs berekraftsmål. Denne hausten vart boka «Økologisk landbruk i Norge gjennom 90 år» lansert under Økouka i Oslo. Historia til økologisk landbruk i Noreg er mangslungen, og gjennom tidene har både praksis og tenking om landbruket endra seg. Sjølv om matproduksjonen, og samfunnet, har endra seg, har ønskjet om eit landbruk som er tru mot prosessane i naturen vart ved.
Å endre måten vi produserer mat på i ei retning som speler på lag med naturen krev kunnskap og informasjon. Det krev samarbeid på tvers, og modige menneskjer. Er det mogleg å formgje eit matsystem som er bra for klima, for miljøet, for jorda, dyra og eiga helse? Det trur den svenske organisasjonen Reformaten, som vi får møte gjennom ein samtale med Elizabeth Brockfield i denne utgåva av Fordi du bryr deg. Politisk påverking er deira verktøy, og tilrettelegging av møteplassar for menneskjer med ønskje om å endre verda gjennom maten.
Eit hjelpemiddel for forbrukar i mylderet av informasjon er sertifiseringar. Ø-merket er ei offentleg miljømerking, basert på ei tredjepartssertifisering, som foregår uhilda av produsent og omsettar. Ø-merket gir forbrukar ei sikkerheit om at maten kjem frå ein produksjon med allsidig drift med bruk av naturlige fornybare ressurser som husdyrgjødsel, belgvekstar og fôrvekstar, som bidrar til at fruktbarheita i jorda vert oppretthaldt og på lang sikt forbetra. Økologisk landbruk vert rekna som ein spydspiss for landbruket som heilskap, og økologisk produksjon fordrer innovasjon og nytenking som kjem heile landbruket til nytte. Dette kjenneteiknar også dei tre verksemdene vi har møtt som fortel om deira drivkraft for økologisk drift. Kure Vestre, Solhatt økologiske hagebruk og Sørgarden Stangnes er alle innovative stadbundne verksemder, som kvar på sitt vis går i front for ein meir krinslaupsbasert matproduksjon.
Det er i dag stor vitskapleg konsensus om at kjøtforbruket må ned, også i Noreg. Vi har ikkje nok areal til å ha eit forbruk som i Noreg på kjøt og mjølk verda over. Vi må tenke solidarisk, men vi må også tenke lokal ressursutnytting. I det denne teksten vert skrive, har Debio akkurat gjennomført det første sertifiseringsbesøket hjå ei verksemd som vil nytte seg av Grasbasert-merkeordninga lansert denne hausten. Grasbasert kjøt og mjølk er eit viktig og heilt riktig steg i retning av ein landbruksproduksjon som tar omsyn til landskapa og krinslaupa vår. Det er stort behov for å bevare naturbeitemarka, og legge til rette for livet i denne. Ei endring i kosthaldet vårt i retning av lokale råvarer, fordrar også mellom anna å auke bruken av belgvekstar og korn. Dette er eit av kompetanseområda Matvalget sit med, når dei rettleiar verksemder som ønskjer å servere berekraftige og helsefremjande måltid. Korleis vi tar vare på råvarene får vi innsikt i gjennom eit møte med Sandor Katz, fermenteringsmentoren som vitja Bygdø Kongsgård i regi av Gartneriet og Matprisen.
Det er matvareindustrien som saman med handelen utviklar produkta vi et. Her bør helsefremjande og berekraftige produkt stå høgt. Men mest makt har politikarane, og leiarar må tørre å gå føre, og ikkje minst forsøke å bli einige. Det burde ikkje vere slik at vi ved kvart valår, og til og med ved dei årlege jordbruksforhandlingane, er vitne til debattar om det er behov for å auke norsk matproduksjon, og gjere den meir klima- og miljøvenleg. Eg ønskjer meg at vi kjem dit at dette er vedtekne sanningar. Respekten for landskapa våre, for åkrane, for dyra og menneska vi møter bør styrkast, vi må tenke langsiktig og vi må tenke krinslaup. Vi er alle ein del av matsystemet, og vi har alle eit val. Vi bør ta eit val, og jobbe saman, skal vi klare å endre verda gjennom maten vi et.
Venleg helsing Idun
leiar – DebioInfo